Huset i Nesoddmarka i Akershus skil seg ut på mange måtar. Medan nordmenn flest vel tradisjonelle einsfarga fliser, så er dette huset dekorert med tussar og troll.
– Vi har aldri sett så mange troll i eit hus før. Men vi synst det var veldig hyggeleg og fint, fortel Tom Nordmann som overtok huset i juli.
Ifølgje eigaren er det ein lokal kunstnar som har utført arbeidet på flisene, og alt er handmåla.
Bur i eit eventyr
Totalt er det 60 små og store troll som dekorerar flisene på alt frå kjøkenet, badekar, veggar og til og med inne i dusjen.
– Eg vaks opp med eventyra til Asbjørnsen og Mo, så det er litt den følelsen du får. Dessutan synst eg det kler huset, fortel den stolte huseigaren.
– Og du blir ikkje skremt av trolla som ser på deg når du ligg i badekaret?
– Nei, dei ser stort sett hyggeleg og fredfulle ut, smiler Nordmann.
Sæprega hus
Eigedomsmeklar Anniken Øderud i Krogsveen som selde huset, seier det er sjeldan ho sel hus med tussar og troll.
– Det er eit veldig særprega hus, så her måtte vi bruke tid på å finne den kjøparen som sette pris på særpreget.
– Dessutan er det ein høg prisklasse. Men det er sjeldan eg har sett eit hus som er så gjennomført i stilen. Til og med møblane er plassbygde, seier Øderud.
- Les også:
Lokal kunstnar
Huset vart bygd i 1993 i ein bonderomantisk stil. Sjølv dørene er dekorert med handmåla dekorasjonar.
Huset ligg i Nesoddmarka på Nesoddtangen i Akershus. Og sjølv om huset ligg omkransa av skog og grønt-område, så er det berre 40 minutt med bil til hovudstaden.
Fire meklarstudentar fekk i TV-programmet Solgt i oppdrag å tippe pris på det spesielle objektet. Ifølge meklarane er det lettare å selje hus som er nøytrale i fargane.
For mange spesielle løysningar kan ofte skremme vekk potensielle kjøparar.
– Det er eit hus for litt spesielt interesserte, men det er veldig gjennomført. Vi får litt hyttefølelse, seier Tina Elisa Beisland og Karoline Nilssen.
– Men det går ikkje an å måle over desse flisene, meiner meklarstudentane Marius Ødegaard og Joakim Daltveit.
Kjøparen som til slutt fekk tilslaget på huset, vart så forelska at han bad om å få kjøpe huset med alt av møblar. Det vart seldt for 10,4 millionar kroner, som var nesten det same meklaren hadde verdivurdert det til.