Hopp til innhold

Her bur du med tussar og troll

Dette «Solgt»-huset er dekorert med 60 små og store troll. For over 10 millionar kroner får dei nye eigarane ein eventyrleg heim.

«Trollhus» i Nesoddmarka i Akershus
Foto: NRK

Huset i Nesoddmarka i Akershus skil seg ut på mange måtar. Medan nordmenn flest vel tradisjonelle einsfarga fliser, så er dette huset dekorert med tussar og troll.

Vi har aldri sett så mange troll i eit hus før. Men vi synst det var veldig hyggeleg og fint, fortel Tom Nordmann som overtok huset i juli.

Ifølgje eigaren er det ein lokal kunstnar som har utført arbeidet på flisene, og alt er handmåla.

Her kan du dusje med troll.

Her får du besøk av troll i dusjen.

Foto: Frode Søreide / NRK
Bur i eit eventyr

Totalt er det 60 små og store troll som dekorerar flisene på alt frå kjøkenet, badekar, veggar og til og med inne i dusjen.

– Eg vaks opp med eventyra til Asbjørnsen og Mo, så det er litt den følelsen du får. Dessutan synst eg det kler huset, fortel den stolte huseigaren.

Og du blir ikkje skremt av trolla som ser på deg når du ligg i badekaret?

– Nei, dei ser stort sett hyggeleg og fredfulle ut, smiler Nordmann.

Sæprega hus

Eigedomsmeklar Anniken Øderud i Krogsveen som selde huset, seier det er sjeldan ho sel hus med tussar og troll.

Det er eit veldig særprega hus, så her måtte vi bruke tid på å finne den kjøparen som sette pris på særpreget.

– Dessutan er det ein høg prisklasse. Men det er sjeldan eg har sett eit hus som er så gjennomført i stilen. Til og med møblane er plassbygde, seier Øderud.

Trollhus i Akershus

Heile huset osar bonderomantikk.

Foto: NRK

Lokal kunstnar

Huset vart bygd i 1993 i ein bonderomantisk stil. Sjølv dørene er dekorert med handmåla dekorasjonar.

Huset ligg i Nesoddmarka på Nesoddtangen i Akershus. Og sjølv om huset ligg omkransa av skog og grønt-område, så er det berre 40 minutt med bil til hovudstaden.

Fire meklarstudentar fekk i TV-programmet Solgt i oppdrag å tippe pris på det spesielle objektet. Ifølge meklarane er det lettare å selje hus som er nøytrale i fargane.

For mange spesielle løysningar kan ofte skremme vekk potensielle kjøparar.

– Det er eit hus for litt spesielt interesserte, men det er veldig gjennomført. Vi får litt hyttefølelse, seier Tina Elisa Beisland og Karoline Nilssen.

Men det går ikkje an å måle over desse flisene, meiner meklarstudentane Marius Ødegaard og Joakim Daltveit.

Kjøparen som til slutt fekk tilslaget på huset, vart så forelska at han bad om å få kjøpe huset med alt av møblar. Det vart seldt for 10,4 millionar kroner, som var nesten det same meklaren hadde verdivurdert det til.

Meklarar tippar pris

Meklarstudentar frå Sogndal og Bergen får i oppgåve å tippe pris på det særprega huset i TV-programmet Solgt på NRK.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)