Hopp til innhold

– Vanskeleg å vite når og kor mykje tips ein skal gi på ferie i Europa

Har du planar om å gjere restaurantbesøk i Europa i sommar, og lurer på kor mykje du skal tipse servitøren? Les her.

Tips til tipsing i Europa

Er du nøgd med servicen på restaurant, kan kelneren gjerne få nokre euro ekstra. Men kor mykje er ikkje lett å vite.

Foto: Colourbox.com

Dei skrivne og uskrivne reglane for tipsing er ulike over heile Europa. I nokre land er tips inkludert i rekninga, andre stader er det direkte uhøfleg å legge igjen småmynt.

Rolf Forsdahl

Direktør (Utland) i HSH, Rolf Forsland, seier det kan vere vanskeleg å vite når og kor mykje ein skal tipse på ferie.

Foto: Virke

– Tipsekulturen er veldig varierande i Europa, og dei fleste er usikre på kva reglar som gjeld. Fakta er at det er nesten ikkje reglar for dette. I nokre land prøver ein å arbeide seg bort frå tipssystemet, men servicearbeidarar forventar nok likevel ein sum, seier Rolf Forsdahl, direktør for Reise (Utland) i HSH.

Han meiner at sidan nordmenn ikkje har vore vande med å tipse her heime, har vi kanskje ikkje tipsa like mykje som det var forventa. Men han peikar på at nordmenn brukar meir pengar på middag på ferie og dermed likevel legg igjen meir pengar enn andre.

Forsdahl seier dessutan at nordmann har blitt flinkare å tipse med åra, men at nokre kan ha problem med å forstå skilnadane på når og kvar ein skal tipse, og kor mykje ein skal gi.

– Privatøkonomien vår gjer det mogleg å gi litt ekstra. Men det er viktig å hugse at tips skal vere ein måte å takke for god service. Det er ingen grunn til å tipse om servicen er dårleg, seier han.

For å hindre at eit elles vellykka restaurantbesøk får ein pinleg slutt, er det viktig å vite kor mykje tips ein eventuelt skal legge igjen.

NRK har undersøkt dette for deg. Les om tips-kulturen i dei mest populære ferielanda her.

Spania:

Paella

Paella betyr direkte oversatt 'steikepanne'. Nasjonalretten i Spania består av safrangul ris, skaldyr, fisk og fugl.

Foto: Colourbox.com

Nordmenn sitt favorittreisemål. Mange direkteruter, rimelege flybillettar, og ikkje minst mykje sol og varme. Her kan du slange deg på stranda eller springe frå olme oksar i Pamplona.

Tips (Propina): Ikkja vanleg eller forventa. Det er opp til deg og din eigen økonomi om du vil gi noko.

Den eventuelle summen er avhengig av kva lokale du er i. I smårestaurantar eller kafear er det nok å la vekslepengar ligge igjen når rekninga er betalt. I finare restaurantar kan ein gi noko meir.

I 2007 gav finansminister Pedro Sobles overdriven tipsing skulda for den aukande inflasjonen i landet.

Italia:

Pasta

Pasta blir brukt som tilbehør i mange italienske rettar.

Foto: NOBILE PAOLO / Colourbox.com

Den rike matkulturen lokkar mange nordmenn til støvellandet. Italia er nesten ei einaste lang kyststripe, men har også mykje kulturelt å by på i innlandet. Her kan du besøke operaen i Milano eller prøvekøyre ein ekte Ferrari.

Tips (La mancia): Ikkje vanleg, og blir berre gitt som ei takk om ein er spesielt godt nøgd med servicen.

Nesten alle restaurantar utanfor Roma har ein sum innrekna i rekninga som går til servitøren. Dette kan derimot gjere rekninga opptil 20 prosent høgare. Servitørar ventar ikkje noko meir enn dette, men vil ikkje nekte å ta imot.

Det er ikkje mogleg å legge til tips når ein betalar med kredittkort, men det er greit å legge igjen småpengar.

Frankrike:

Coq au vin

Coq au vin er ein klassisk fransk gryterett av hanekylling kokt i raudvin saman med lauk, kvitlauk og urter.

Foto: MANCEAU SERGE / Colourbox.com

I skrivande stund svettar Thor Hushovd og eit hundretals andre syklistar seg gjennom Frankrike. Mange nordmenn reiser dit for å følge med, men det er også mange som reiser for å sole seg eller drikke god vin.

Tips (Pourboire): Ikkje forventa sidan dette er inkludert i rekninga. Franskmenn legg likevel gjerne igjen vekslepengar eller ein til to euro om dei er fornøgde med servicen.

Om servicen er god, skal du som regel runde av rekninga oppover.

På dyrare restaurantar er det vanleg å legge igjen 5 prosent av rekninga i tillegg, kanskje 10 prosent om du er i det generøse hjørnet.

Hellas:

Gresk salat

Gresk salat med oliven og fetaost er den mest kjende salaten frå Hellas.

Foto: Elina Manninen Elfina Photo Art / Colourbox.com

Sjølv om det er økonomisk krise er det mange som vil besøke demokratiets vugge. Hellas byr på det historiske sentrum Akropolis og eit hav fullt av øyar. Og sjølvsagt mykje sol og varme.

Tips (Filodórima): Vanleg, men ikkje nødvendig. Om ein vil gi noko, kan det vere nok å legge igjen ein liten slant i tillegg til vekslepengane som blir igjen når rekninga er betalt.

Det er ingen regel for kor mykje ein skal legge igjen, men det er vanleg å tipse meir til ei større rekning.

Om ein er heldig kan kroverten runde av nedover til gode gjester som besøkjer restauranten ofte.

Tyrkia:

Adana Kebab

Adana kebab av grilla lammekjøtt og halefeitt er vanleg i både Tyrkia og nabolanda Syria og Irak.

Foto: Sebnem Koken / Colourbox.com

Tyrkia er charterfavoritten til nordmenn. Landet strekk seg over to kontinent og er rikt på kultur og historie. Tyrkia har kyst mot fire hav, og for dei fleste er nok bading og sol hovudmålet for reisa.

Tips (Baksheesh): Det blir sett på som høfleg å legge til nokre prosent, men det er ikkje nødvendig.

På mindre restuarantar kan det vere passande med 5-10 prosent. På luksusrestaurant bør du legge til 10-15 prosent.

Ikkj tips i utanlandsk valuta, då dette er vanskeleg å veksle i tyrkiske lira.

Pass opp

Tips til tipsing i Europa

Nokre euro til servitøren er vanlig i mange land, men direkte ufint andre stader.

Foto: ThinkFoto.dk / Colorbox.com

Elles i Europa er det ikkje forventa at du legg igjen tips, men heller ingenting i vegen for å gjere det. Å runde av oppover eller legge igjen cirka 10 prosent i tillegg kan vere ein god regel å følgje.

Det er likevel nokre feller du bør unngå:

I Storbritannia er det sett på som direkte ufint å legge igjen tips på nokre pubar. Bartenderen reknar med at du tar med deg alt av småmynt.

På bar er det derimot vanleg å la noko bli igjen til servitøren. På restaurant gjeld rådet over.

Mange stader er det inkludert «Service charge», men dette er ikkje det same som tips. Det kan bety at du betalar ein sum for å få service, men at pengane går til restauranteigaren. Om du vil tipse servitøren, må du legge til litt ekstra.

IVA og VAT er det same som MVA eller moms i Noreg. Det er ein generell skatt på varer og tenester, som verken du eller restauranteigar slepp unna. Dette må heller ikkje bli forveksla med tips.

For ordens skuld:

I Noreg er det halvvegs forventa at du tipsar omlag 10 prosent av rekninga. Prisauken dei siste åra har gjort det mindre vanleg å tipse om du ikkje er på restaurant. Andre stader kan det vere nok å la småpengane ligge.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)