Gruar du deg til samfunnet opnar igjen? Då er du ikkje aleine

Veslemøy (25) fryktar at ho ikkje skal klare å gå tilbake til sånn livet var før nedstenginga.

Portrettbilde av kvinne som ser i kamera, holder en kaffekopp og har andre hånda på tastaturet

Veslemøy Heyerdahl jobbar med heilt andre ting i dag enn for eitt år sidan og trudde aldri ho skulle oppleve å sitte på heimekontor.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

«Eg gruar meg til livet skal gå i maksfart igjen. Eg gruar meg til fulle bussar. Eg gruar meg til å få dårleg samvit for at eg vil vere heime og gjere ingenting ein fredagskveld»

Veslemøy Heyerdahl (25) skriv om tankane sine på Instagram .

Kanskje du kjenner deg igjen.

Som dei fleste av oss har Veslemøy Heyerdahl brukt store delar av det siste året på å tilpasse seg eit liv i pandemi.

Frå eit hektisk og innhaldsrikt liv som bartender, revyinstruktør og artist har ho i dag ny jobb og sit på heimekontor.

– Eg har vore nøydd til å gjere ganske store endringar for å ha det bra, men som gjer at det livet eg hadde før kanskje ikkje finst lenger, fortel Veslemøy.

– Eg har sjølvsagt sakna sånn livet var før pandemien, men så er det ei frykt for at eg ikkje kjem til å klare å gå tilbake til slik ting var.

Etter eit år med mange ufrivillige omstillingar er det nok fleire av oss som lurer på kva det er vi eigentleg går i møte.

Har mykje å ta igjen

– Før tenkte eg at det var viktig for meg å vere travel. Eg hadde eit slags mål om å ha mange ting å gjere.

– Det er kanskje akkurat det dette handlar om, seier Veslemøy ettertenksamt.

Pandemien tvang henne til å bremse ned.

Kvinne med sitter i stua, hun ser i kamera.

Veslemøy er usikker på om ho skal tilbake til den gamle jobben når samfunnet opnar.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

– Eg er litt redd for å falle tilbake i det forrykande tempoet mitt. Eg har verkeleg lært at sånn vil eg ikkje ha det igjen, men så har eg ein følelse av at eg har mykje å ta igjen også.

Vi har tilpassa oss ein ny normal

– Dette er veldig normalt, seier psykolog Carina Carl. Ho har møtt fleire som kjenner på ein ambivalens knytt til opninga av samfunnet.

Psykolog, Carina Carl

Psykolog Carina Carl seier vi ikkje er så aleine med slike tankar som vi ofte trur.

Foto: Kaja Bruskeland

– På den eine sida gler ein seg til det ein har sakna, men så er det ei usikkerheit knytta til korleis det vil bli etter å ha tilpassa seg ein ny normal, seier ho.

Nokon har kanskje blomstra under nedstenginga medan det for andre har vore ei grufull tid. Uansett er det normalt å kvi seg til nok ein overgang, seier ho.

– Hugs på at det går an å leve eit meir tilbaketrekt liv i eit ope samfunn også viss det er det du ønsker deg, men det krev at du vågar å eige kva som er bra for deg.

– Nye overgangar er ein invitasjon til refleksjon rundt kva som er viktig for deg og eit høve til å handle på det du har erfart det siste året, uavhengig om du kvir deg eller gler deg.

Alt treng ikkje bli som før

Psykolog Sindre Kvithyld Aasli seier vi no har sjansen til å tenke over kva vi vil ha meir av og kva vil ha mindre av når samfunnet opnar opp.

Portrettbilde av psykolog Sindre Kvithyld Aasli. Han ser i kamera, har lyst hår og nesten runde briller. Skjegg. Blå skjorte.

Psykolog Sindre Kvithyld Aasli seier det er vanleg å kjenne på meir stress i overgangsfasar.

Foto: Julianne Leikanger

– Viss det er noko du kvir deg til no som verda opnar igjen, så prøv å vere nysgjerrig på kva det er du synest er vanskeleg. Prøv å finne ut av kva dette handlar om for deg.

Sjølv om overgangar kan vere krevjande for oss, trur Aasli vi raskt venner oss til å vere rundt andre igjen fordi det er det som er naturleg for oss.

– Er det noko du vil ta med deg vidare frå tida med pandemi finst det no gode moglegheiter for å gjere noko meir konkret med det og sette litt nye grenser for deg sjølv, seier han.

– Alt treng ikkje bli slik det var før.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)