Vegetasjonen veks meir og meir, og geitene skal erstatta farlege sprøytemiddel.
- Geitene liker småskog og nye skot, men litt anna godt skal dei óg få med jamne mellomrom, fortel Helge Kjellesvik, som er leiar for stasjonsdriften på Bergensbanen.
Sperrar utsikten
Dei siste åra har vegetasjonen langs Bergensbanen auka kraftig. Buskar og tre sperrar utsikten for togturistane, og kan i verste fall hindra toga i å koma fram.
Miljøvenleg
Norges Miljøvernforbund har tidlegare meldt Jernbaneverket til politiet i samband med sprøyting langs Bergensbanen. Leiar Kurt Oddekalv ynskjer no geitene hjarteleg velkomne.
- Det kan kanskje høyrast litt latterleg ut for folk, men eg trur faktisk at det er slike metodar me treng. At ein tør å prøva ut noko nytt. All æra til Jernbaneverket, seier Oddekalv.
Prøveprosjekt
I fyrste omgong er Aurland og Gol prøvestadene, og det er lokale bønder som leiger ut dyra. Dersom prosjektet blir vellukka, kan det bli langt fleire geiter å sjå langs togstrekninga mellom Bergen og Oslo.
Kvart år vert tusenvis av dyr kjøyrd ihel langs norske togliner. Me saknar opplysningar om sikringstiltaka langs Bergensbanen i samband med dette sommarjobb-oppdraget, seier ein dyreven til På dyrenes side.