Hopp til innhold

Frå egg til grill på 30 dagar

Rykta om kyllingproduksjon er mange, og Mattilsynet meiner dyrevelferden er for dårleg. Korleis er eigentleg eit kyllingliv? NRK har følgd eit kyllingkull fra start til slutt med kamera.

Video GULENOSTER-051011-FB19

NRKs kamerateam har fulgt dei gule nøsta frå egg til slakteklare 30 dagar gamle kyllingar.

Ein dag gamle, gule små kyllingar pilar rundt på golvet. Dei er fjørlette i handa, veg berre 40 gram.

Dei har akkurat blitt slept laus i hallen der dei skal bu. Totalt er dei 23.000 stykk, pipinga er konstant og øyredøyvande.

Vi er hos bonde Ole Morten Furuseth utanfor Halden, ein typisk norsk kyllingbonde. Han har opna dørene for NRK sitt kamerateam.

Dei neste 30 dagane skal vi få følge kyllingane hans fram til dei er slakteklare. I dag er det deira første dag, og dei flokkar seg rundt støvlane våre.

- Dei trur nok vi er mora deira, smiler Furuseth.

LES OGSÅ:

Ekstremkylling

Forbruket vårt av kylling har dei siste åra skote i været. Kylling er i dag av våre aller mest populære middagar. Slik har det ikkje alltid vore.

I 1980 vart det produsert under 3 kilo kylling per person i Norge. I fjor var talet over 17 kilo per person.

Svaret på vår ekstreme etterspørsel, er ein ekstrem kylling. Ross 308.

Rasen er designa for å gi mykje kjøtt på kort tid, avla fram for å vokse raskt og på dei rette stadane. Store bryst og fyldige lår er det som sel, og kundane vil betale minst mogeleg.

Men prislappen har ei bakside. Bein, hjerte- og lungeproblem er utbredt. Mattilsynet er uroa for at kyllingen veks raskare enn den har godt av.

Bein og indre organ har tilsynelatande vanskeleg for å halde tritt med raskt voksande brystfilet. Også den intensive oppdrettsforma gir grunn til bekymring.

– Vi ser for eksempel at kyllingene blir ståande i våt møkk og får sviskader under beina, seier Line Lundstein. Ho leiar eit prosjekt som Mattilsynet har iverksett på bakgrunn av mistanke om dårleg dyrevelferd hos slaktekyllingar.

Tilsynsrunda har så langt avslørt kritikkverdige forhold hos dei fleste kyllingbøndene dei har besøkt.

– Dyrevelferden til slaktekylling må bli betre, seier Lundstein.

- Er dei ikkje fine?

Kyllingkullet i Halden har blitt to veker. Kyllingane har forandra seg mykje sidan starten. Dei har framleis gule dun, men her og der stikk det nokre kvite fjør fram. Vekta er meir enn ti-dobla. Dei veg allereie 0,6 kilo.

– Dei er jo søte når dei er små og gule, men eg synes dei er fine no óg, seier bonden. Han føler seg ikkje råka av Mattilsynet sin kritikk.

– Dei skadane dei snakkar om er jo prosentvis normalt sett ikke flere enn at eg har godt samvit for det eg driv med, seier Furuseth.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Video HVITKYLLING-051011-FB19

Kyllingane er blitt to veker gamle.

Etter 30 dagar endar eit normalt kyllingliv. Slik er det også for kullet vi har følgd. Bonden har teke maten frå kyllingane for første gong sidan dei kom til garden, og slaktebilen rullar inn på tunet.

I hallen er det nesten heilt mørkt no. Eit automatisert lysanlegg har gradvis dimma ned belysninga dei 30 dagane kyllingane har vore her. Både lys og fôring er styrt av eit dataprogram, og føl samme optimaliserte malar som andre norske kyllingfjøs.

– Når eg begynte med kylling var det jo litt spesielt når heile partiet dro av gårde til slakteriet, men det er jo sånn det fungerer i en slik besetning. Man får jo ikke noe personlig forhold til hver og én, sier Furuseth.

Kyllingane hans er no blitt om lag 1,7 kilo. Dei har vokst som dei skulle. 500 kyllingar har dødd. Det er rekna som litt betre enn normalt.

Tida er inne for at dei innleigde kyllingplukkarane kan gå i gang med å få kyllingane inn i transportkasser.

Neste stopp er slakteriet. Det som møter kyllingane der, fekk vi ikkje lov av Nortura å filme. Men om fire dagar er kyllingkullet vårt i butikkhyllene.

Video KYLLING-FOR-090911-FBI

I hallen er det nesten heilt mørkt. Neste stopp er slakteriet.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)