Hopp til innhold

Å skaffe seg hund kan redusere risikoen for hjartesjukdom

Ikkje berre kjem ein seg ut på tur kvar dag, men ein god hundeven fører til mindre stress hos eigaren, ifølgje ny forsking.

Mann med hund

Menneske som har kjæledyr, spesielt dei som har hundar, har merkbart betre helse enn folk utan dyr.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Det er ikkje første gong det har vore hevda, men no er det så godt som offisielt: skaff deg hund, og du reduserer risikoen for å bli hjartesjuk.

I ein omfattande forskingsrapport konkluderer den amerikanske hjarteforeininga med at å eige ein hund har ein samanheng med risikoen for å bli hjartesjuk, skriv New York Times.

Fører til mindre stress

Den mest openbare grunnen til dette er definitivt den faste lufteturen i nabolaget som følgjer med ansvaret med å ha ein hund. Men ekspertane trekkjer også fram det sterke bandet som finst mellom hund og hundeeigar. Berre det at hunden er i nærleiken dempar eigarens reaksjonar knytt til stress, og gir dermed ein lågare hjartefrekvens.

Men sidan det meste av funna er basert på observasjon, kan ein ikkje heilt utelukke at det er flest aktive folk med god helse som skaffar seg hund.

– Me kan ikkje vere bastante, men det er plausible psykologiske, sosiologiske og fysiologiske grunnar til å tru at kjæledyr spelar ei rolle i å minske risikoen for hjartesjukdom, seier professor Glenn Levine ved Baylor College of Medicine til avisa.

  • Har du eller nokon du kjenner fått betre helse etter å ha skaffa hund? Del historia di i kommentarfeltet!

– På tide med formell undersøking

Hjarteforeininga avgjorde å gjennomføre forskingsprosjektet etter andre uavhengige rapportar hevda det same.

– Det kom til eit punkt der det var behov for ein formell undersøking, seier professoren.

Forskingsrapporten har gått gjennom eit dusin andre studiar, og slår på bakgrunn av dette fast at folk som har kjæledyr, spesielt dei med hundar, er i betre helse enn folk utan dyr. Forskarane ser på dette i samanheng med at folk flest i dag er alt for lite fysiske aktive.

– I eit ideelt samfunn, der folk faktisk ville høyrt på legane sine råd om å vere fysisk aktive, ville ein ikkje trengt kjæledyr for å dra folk ut av husa, seier hjartelegen Richard Krasuski.

Og dette gjeld nok ikkje berre blant amerikanarar. NRK.no meldte i vinter at norske menn er mindre fysisk aktive enn menn i USA.

Aksjemeklarar adopterte dyr

I ein av studiane hjarteforeininga framhevar deltok 48 aksjemeklarar med for høgt blodtrykk. Alle starta med blodtrykksmedisin, og vart delt opp i to grupper. Aksjemeklarane i den eine gruppa fekk beskjed om å adoptere ein hund eller ein katt. Seks månader seinare fant forskarane ut at meklarane med nye dyrevenar haldt seg merkbart rolegare i stressande situasjonar enn dei utan dyr.

Eldre og dyr

Det er blitt meir og meir vanleg i Noreg å la eldre på institusjon få besøk av hundar.

Foto: Leif Dalen / NRK

Men ekspertane i USA åtvarar mot at å skaffe seg hund i seg sjølv ikkje er nok for folk i risikogruppa.

– Dersom nokon adopterer eit kjæledyr, men framleis sit på sofaen og røykar og spis usunn mat, vil ikkje det vere ein god strategi for å redusere risikoen for hjartesjukdomar.

Praksisen med å bruke hundar og andre dyr i terapi går heilt tilbake til 1700-talet, då psykiatriske sjukehus innførte hundar for å sosialisere pasientane.

Seinast under terroråtaket under Boston Marathon i april vart det nytta «trøstehundar» for å gi støtte til dei som vart råka av bombene.

I Norge vert det også utdanna hundar som skal vere til støtte for menneske som bur på institusjon. Møt terapihunden Lasse i videoklippet under.

Mange har hatt mye glede av hund gjennom livet. Men noen ganger får ikke "menneskets beste venn" være med når eierne kanskje trenger dem mest. Nå utdannes det hunder som skal være til støtte for mennesker som bor på institusjon. Vi ble med terapihunden Lasse en dag på jobben.

Omsorgshund på institusjon

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)