Hopp til innhold

Fleire kjenner på sosial bakrus etter gjenopning

Blir du meir sliten av å treffe andre enn du vart før pandemien? Her er tipsa for å handtere den sosiale bakrusen.

Vennegjeng i Kubaparken i Oslo

NYT OSLO-SOMMER: Henrik Haug (21), Amalie Rosten (20), Mari Thoresen (20) og Yasseh Bright (26) slappar av i Kubaparken i Oslo. Dei kastar seg med på alt av sosiale aktivitetar og kjenne at dei blir slitne, sjølv om det er mest gøy.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

I Storbritannia, som opna opp fleire veker før Noreg, har omgrepet «Social Hangover», altså sosial bakrus, dukka opp. Det er som om nokon har teke frå deg all energien, skriv BBC. Folk kjenner seg slitne og engstelege, sjølv om dei ikkje har drukke ein drope alkohol.

Årsaka er at det å treffe folk igjen tek mykje energi. Det er rett og slett uvant for oss, etter eitt år i tilnærma isolasjon.

– Redde for å gå glipp av noko

I steikande sol i Kubaparken i Oslo sit Henrik Haug (21), Amalie Rosten (20), Mari Thoresen (20) og Yasseh Bright (26). Dei nyt sol, sommarfri og at livet med venner er i tilbake.

– Det er nice! Dette skal vi nyte, seier Thoresen, medan dei andre stemmer i.

Sommarferie og gjenopning gjer at det sosiale livet er tilbake for fullt. Redselen for å gå glipp av noko, gjer at dei kastar seg med på alt.

– No har vi moglegheita til å vere sosiale og då er vi med på alt ein kan. Sånn i tilfelle det plutseleg skulle stengje ned igjen, seier Bright.

Overgangen frå å sitje heime til nærast konstant å vere sosial kostar. Dei kjenner på den sosiale bakrusen.

Vennegjeng i Kubaparken

GLEDE: Vennegjengen er glade for å kunne henge med kvarandre igjen.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

– Eg blir nok utbrent raskare. Den sosiale kvoten blir fylt opp fortare enn før. Det trengs ein dag eller to for å roe ned hovudet, seier Thoresen.

Når det blir for mange sosiale samankomstar tek dei seg ein dag eller to heime.

– Eg ligg under dyna med gardinene igjen. Så bestiller eg gjerne noko mat og ser Netflix, seier Haug.

– Når det blir for mange inntrykk treng eg å sitje litt på rommet for meg sjølv, seier Bright.

Psykolog: Utløyser stress

Etter at også Noreg har opna opp har psykolog Maria Østhassel vore i kontakt med mange som kjenner på at dei blir slitne av det nye sosiale livet. Ho gir mellom anna tips til unge på sosiale medium, gjennom kontoen @psyktdeg på TikTok og Instagram.

Psykolog Maria Østhassel

Maria Østhassel er psykolog og gir mellom anna tips og råd til unge gjennom sosiale medium.

Foto: Kristoffer Myhre

– Fleire fortel at det å treffe folk igjen var meir krevjande enn forventa. Dei opplevde stress, ubehag og at det tok mykje energi. Dagen etter er dei slitne og treng eigentid, seier Østhassel.

– Kvifor er det slik?

– Etter eit år der vi har vorte fortalde at vi ikkje kan samlast, og no kan samlast igjen, hengjer ikkje kroppen og vår heilt med: Instinktivt tenkjer vi no at det er tryggast ikkje å treffe andre.

Dermed utløyser det å treffe venner og kjende igjen stress i kroppane våre.

– Stresset som nokon opplever vil gradvis dempe seg. Sjølv om det var slitsamt å treffe folk første gongen, så betyr det ikkje at det treng å vere like slitsamt neste gong.

Her er tipsa frå psykologen for å handtere det sosiale livet etter gjenopninga:

  • Ta tida til hjelp før det kjennest naturleg å vere sosial igjen
  • Du må ikkje vere sosial på same måte som før, du kan treffe færre eller dra heim tidlegare
  • Jobb deg gradvis fram til du er så sosial som du sjølv ønskjer.
  • Vi har stirt på oss sjølve altfor mykje gjennom Teams og Zoom. Mange har vorte sjølvkritiske, som igjen kan føre til at mange bli utilpass ute mellom anna. Bruk mindre tid på å sjå deg sjølv på skjermen og i spegelen. Spegl deg heller i andre menneske.

Les òg: Disse fem tingene lurer folk på om livet etter korona

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)