Hopp til innhold

Svineforvirra?

Er svineinfluensa verre enn vanleg influensa? Skal du vaksinere deg om du har vore sjuk? Og kor tid skal du tygge Tamiflu? La oss oppklare.

Mann med lommetørkle
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Berre halvparten av alle som testar seg for svineinfluensa, har den pandemiske influensaen. Det er eit tydeleg teikn på at forvirringa er stor. Men ved hjelp av overlege Bjørn Iversen ved Nasjonalt folkehelseinstitutt skal vi klare opp i nokre av påstandane som verserer:

Svineinfluensaen rammar først og fremst friske folk.

- Det fins jo flest friske folk, og då rammar den flest friske. Men den gir meir alvorleg sjukdom for dei som er i ei risikogruppe.

Svineinfluensaen er farlegare enn vanleg influensa.

- Ja og nei. Det er færre eldre som blir alvorleg sjuke av denne varianten. Men det er fleire unge som blir alvorleg sjuke av svineinfluensa enn av normal sesonginfluensa.

Bjørn Iversen

Bjørn Iversen i Folkehelseinstituttet avliver mytene.

Foto: Lise Åserud/Scanpix

Unngå nysande folk. Dei er mest smittefarlege.

Ja, du blir smittefarleg straks du byrjar merke symptoma på influensaen. Og det er dei første dagane som sjuk du er mest smittefarleg. Så det er viktig å ikkje hoste og nyse på folk. Det er den "beste" måten å smitte andre på.

Tygg Tamiflu. Så er du trygg.

- Nei, for folk flest har det lite for seg å ta Tamiflu førebyggande. Det har minimal effekt. Men det er viktig at om du blir sjuk, får du tilbod om medisinen.

Dei som har vore sjuke skal ikkje ta vaksine.

- Det er ikkje farleg å ta vaksinen sjølv om du har hatt svineinfluensaen, men då er det ikkje nødvendig. For har du vore sjuk, er du immun mot ein ny runde. Men berre dei som har ein prøve som viser at dei heilt sikkert har hatt svineinfluensa, kan droppe vaksinering. Om du ikkje er "sertifisert" bør du ta vaksinen for å vere heilt trygg.

Har du fått vaksinen, er du trygg.

Det tek opptil 2-3 veker frå du får vaksinen til den har full effekt, og du kan kjenne deg heilt trygg. I mellomtida opplever mange å bli småsjuke, fordi vaksinen er kraftig til influensavaksine å vere.

Ingen veit kva biverknader vaksinen kan forårsake.

- Biverknadsprofilen er godt kjent. No er det vaksinert godt over ein million menneske i Sverige, og ein har enno ikkje sett ukjente biverknader.

I Norge er det sendt ut omlag 750 000 doser med vaksine.

Les også:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)