NRK Meny
Normal

Fanga i boligfella

Bustadmarknaden har endra seg totalt på nokre få månader. No spår til og med eigedomsmeklarane at prisane skal endå lenger ned.

Jan Erik Østlie

Jan Erik Østlie skal ha sin 18. visning.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Økonom Siw Ødegaard svara på spørsmål i FBIs nettmøte om bustad og renteutvikling. Les svara her!

- I dag gjer eg klar til visning nummer 18. No er eg lei, seier huseigar Jan Erik Østlie. I tre månedar har han prøvd å selge leiligheta si i Oslo, men så langt har det ikkje kome inn eit einaste bod.

Siw Ødegaard

Forbrukerøkonom Siw Ødegaard svarer på spørsmål i nettmøte i kveld.

Foto: NRK

Dei siste månedane har stigande rente og fallande boligprisar fått boligkundane til å sitte på gjerdet. Frå august i fjor til august i år fall bustadprisane i Norge med 4,1 prosent.

Medan kjøparane håpar på endå lavare prisar, håper alle som skal selge på det motsette.

LES OGSÅ: Nå tror vi på prisfall

Meklarar spår prisfall

FBI har spurt Norges 12 største eigedomsmeklarar ei rekke spørsmål om korleis dei opplever dagens boligmarked.

Noko av det mest overraskande i undersøkelsen er at heile 80 prosent av meklarkontora seier at dei ikkje trur at botnen er nådd endå. Fleire seier dei trur på eit prisfall på ytterlegare 5 prosent i løpet av året. Dette er uvanlege svar til å kome frå eigedomsbransjen.

Dårlig timing

For Østlie og andre som skal selge bustad, er dette dystre signal. Sjølv kjøpte Østlie og sambuaren hus i vår til 500.000 over takst.

- Vi gjorde nok ein tabbe med at vi kjøpte før vi hadde seld det vi allereie sat på. Etter at vi hadde kjøpt, stupte marknaden og der sat vi med to leiligheter vi ikkje fekk seld.

Kjæresten hans fekk seld si leilighet no i haust, men til 200.000 kroner under takst. Hans leilighet er det hittil ingen som har ville kjøpe, 18 visningar til trass.

Endra kjøpemønster

I følge meklarane i sprørreundersøkelsen har ein sett store og raske endringar i kjøpemønsterer til norske bustadkundar. Dei største endringane er desse:

  • Langt færre kjøper nytt hus før dei sel det gamle – antalet er halvert i forhold til i fjor
  • Fleire meklarar melder om at det tek dobbelt så lang tid å få seld no som for eit år sidan. Det tek i dag i snitt 40 dager å selge ein bolig.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.