Marit Selfjord likar å lese og høyre dikt. Det har ho med seg frå teaterutdanninga si i Gøteborg, fortel ho. Og det kjem godt med i kvardagen som teaterpedagog. Utanom det verkar ho også som instruktør og opplesar i ulike samanhengar. Og så syng ho litt, seier ho.
Vi feirar Allehelgensdag, og det er første gongen at mor hennar ikkje lenger lever på denne dagen. Det er første gongen ho må sakne ein så nær person. Da blir det ein spesiell dag.
Ein engel rundt meg
Det er alltid vanskeleg å syne sitt ”sanne eg”. Sjølv kjenner eg eit stor sakn etter mor mi. Eg trur at eg har ein engel som hjelper meg. Det har kome ein styrke inn i livet mitt etter at mør døde. Ho står på skuldra mi og ser til meg i arbeidet mitt.
Eg trur det blir vakkert å gå på kyrkjegarden. Det er ein dag der dei døde ”fortel” oss at vi må vere gode mot kvarandre og ha omsorg for dei vi er saman med.
Dette er ei erfaring vi kan ta med oss. Det gjorde eg da eg var instruktør for ”Ronja Røverdatter” på Olavsfestdagane i sommar. Da fortalde eg at mor var død.
Skal stå opp
Eg trur på orda av Jesus når han seier at han er oppstoda og livet. Det er mi enkle tru, og eg ser ikkje på det som noka flukt. Eg har hatt ei kristen tru sidan eg var ung. Eg vart ein kristen i Longyearbyen 1. påskedag i 1959. Og det som mor stod for, har fått meir å seie for meg no når ho er borte.
Eg har alltid vore glad i hausten. Ein sa det slik eingong: ”Det er så godt når hausten kjem, for da kan eg få lov til å vere mislykka igjen!” Sommaren har krav til oss, at vi skal vere så aktive, solbrende og vellykka. Så kjem hausten da vi kan rusle ein tur og drikke kakao etterpå, seier Marit Selfjord.
Trøyst på kyrkjegarden
Å gå på kyrkjegarden og kjenne sorga er ingen konflikt for meg. Det må vere slik at både glede og sorg er der – side om side. Og når vi er på kjøkkenet, er det mange små kvardagslege ting som minner om mor. Da er mor her, og ho går gjennom rommet.
Vi snakkar om det som var fint og vakkert, seier Marit Selfjord.
* * * * * * * * *
Men om hausten når den lågmælte sola skin over fallande lauv høyrer eg atter mor si røyst tett inntil øyra mitt – tettare år for år.
Meir verkeleg enn alle andre røyster – så kort den er, denne vår vandring på jord.
Dette er eit dikt frå ”Levande tid” av Åse Marie Nesse