Overlege på Radiumhospitalet, Lars Ottestad
-Tåler ikkje cellegift
- Aldersgrensene er ikkje absolutte, dei er rådgjevande, seier overlege Lars Ottestad ved Radiumhospitalet.
Aldersgrensene er sett opp fordi norske legar meiner eldre pasientar ikkje tåler cellegift eller ikkje har god nok nytte av den kraftige medisinen.
Ottestad sine pasientar har brystkreft, og for denne gruppa er den øvre aldersgrensa 55 år. Kvinner over denne alderen har svært liten sjanse til å få cellegift som tilleggsbehandling etter brystkreftoperasjon, sjølv om dei ber tynt for å vere sikre på å overleve.
Drog til Frankrike
- Eg ville prøve alt, også den sterkaste cellegift, seier 69 år gamle Bodil Libo frå Risør.
Bodil Libo
Ho opererte vekk det eine brystet då ho fekk kreftdiagnosen sommaren for eit og eit halvt år sidan og ville ha cellegift etterpå for å vere sikker på at kreften ikkje skulle spreie seg. Men legane på Radiumhospitalet viste til aldersgrensa på 55 år. Til slutt reiste ho til eit privat sjukehus i Nice i Frankrike der ho fekk den cellegifta norske legar meinte ho verken ville ha nytte av eller tåle. Med flyreisa kosta det henne rundt 50.000 kroner.
-For restriktive
Aldersgrensa på 55 år for brystkreft er nedfelt av Norsk Brystkreftgruppe, ei gruppe kreftlegar frå ulike norske sjukehus. Den amerikanske medisinprofessoren, Hyman B. Muss ved Vermon Cancer Center i USA meiner norske legar er for strenge.
- Alder åleine bør ikkje brukast som argument for å nekte ein kreftpasient behandling, skriv Muss i det amerikanske tidsskriftet The New England Journal of Medicine. Han viser mellom anna til ein analyse av 3.351 pasientar med tjukktarmkreft som var opererte og fekk cellegift. Ifølgje ein forskingsrapport gir tilleggsbehandling med cellegift forlenga liv. Og pasientane over 70 år hadde like stor nytte av cellegifta som dei yngre.
Lite forsking på eldre kreftpasientar
Over halvparten av dei som dør av kreft er over 65 år gamle.
Noko av forklaringa på at norske legar er forsiktige med cellegift til eldre, ligg kanskje og i dårleg forsking på området. Kliniske studiar, det vil seie utprøving av medisinar på pasientar, har strenge kriterier for deltaking. Studiane forlangar normal eller tilnærma normal beinmarg, nyre- og leverfunksjon. Såleis er det unge, sterke pasientar som får vere med i forsøka og legane blir usikre på korleis medisinen verkar på ein eldre kropp.
- Det er klart at forskinga såleis har forsømt dei eldre pasientane, seier Ottestad.
Ifølgje Den Norske Kreftforening sitt forskingsutvalg har det så langt ikkje vore gjort kliniske studiar særleg på eldre pasientar i Noreg.
Omarbeidd til nett av Ragnhild Rein Bore