Bearbeidd av Helge Helgheim
Lite skil liv og død
– Den dag i dag ser eg på skillet mellom liv og død som ei tusenedels millimeters glassplate. Det er så uendelig kort!
Eit pistolskot unna! Det er det han seier Céline, ein av verdas største forfattarar, vent litt, eg må berre henta den boka til deg.
Foto: Morten Krogvold.
Kolbein Falkeid reiser seg frå lenestolen og forsvinn mot bokhylla. Diktaren frå Haugesund ser ut som ein sjømann med kvitt skjegg. Han har strandebarmssnekka si fortøydd ved terrassen like utanfor stovevindauga. Leilegheita hans er kledd med bøker – i gangen, i stova, på soverommet – hyllemetervis med litteratur.
Falkeid (1933) er ein av våre mest folkekjære diktarar. Han er fødd og busett i Haugesund, og gav ut si fyrste diktsamling i 1962. Etterkvart har det blitt heile 30 bøker med lyrikk.
Sørgjer over dottera
Etter diktsamlinga «En annen sol» (1989), som han skreiv for dottera som tok sitt eige liv, var han sikker på at han aldri kom til å skriva igjen. Samlinga fekk strålande kritikkar, og vert sett på som det verkelege gjennombrotet for Falkeid. Diktsamlinga kom i seks opplag.
– Den samlinga skreiv eg for dottera mi Helga. Den skulle vera ein bauta for henne. Samlinga var mi form for krisepsykiatri, seier han.
Et rom står avlåst
Jeg lengter etter deg.
Et rom står avlåst i kroppen min.
Alle tingene dine fins der og avtrykkene
av det korte livet ditt, flyktige
som skygger på snøen i måneskinnet.
Nøkkelen har jeg og går inn
med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt
og taler uten ord med tomheten,
en kronisk lytter
Jeg lengter etter deg også fordi du var likest meg. Uten deg går jeg alene med vranglynnet mitt.
Alt som var fint i meg og nå falmer bar du som en tidlig sommerdag, et flott langtidsvarsel. Også lavtrykkene mine
langt vest i deg kunne hope seg opp.
Av og til kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd
og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest
hang dagene våre som enige
søskenperler på kjedet.
Lengter etter deg. Hverken vær eller dager løper mer.
Og tomheten svarer aldri.
(En annen sol, 1989)
Skriv annsleis no
Falkeid seier sjølv at han skriv annleis etter at dottera døydde.
– Eg er ikkje så dagklar lenger.Tidlegare skreiv eg mykje om det jamne liv, om sjøfolk og reiser til sjøs. Men etter 1987-88 har eg fått eit dunklare og meir hermetisk språk.
Han sit ved spisebordet og skriv, med penn og papir. Eller han går ut og leitar etter diktet.
– Viss eg ikkje får det til, då legge eg papira vekk, og så går eg ut. Av og til går eg bevisst og leitar etter diktet blant brukte menneske eller små sjøhus med skeive tak. Diktet kan du alltid finna i det ufullkomne. Du kan ikkje finna diktet i ein mannekeng.
Dei seinare åra har han samarbeidd mykje med gruppa Vamp, og på den måten fått poesien ut til eit langt breiare publikum enn det ein diktar vanlegvis når.
Dette programmet vann førstepris i den internasjonale dokumentarkonkurransen Prix Italia 2003.
Eit rom står avlåst. Portrett av diktaren Kolbein Falkeid.
Av Kari Hesthamar. Teknisk regi ved Kåre Johan Lund.
Vart første gong sendt i NRK P2 hausten 2003.