Ingenting er heilag - det er det i alle fall ikkje i teikneserien Simpsons. Serien handlar om ein kjernefamilie på fem i den amerikanske småbyen Springfields. Men ingen veit kor denne byen ligg.
Det er sikkert fordi ingen skal kjenne seg utanfor. Alle amerikanarar skal kunne identifisere seg med familien - dei er inkluderte. Hovudfagsstudent ved Universitetet i Oslo, Håkon Mellbye Sverdrup, kombinerer forretningar og avkopling når han no går den amerikanske situasjonskomedien nærmare i saumane i si hovudoppgåve. Han meiner religion er eit heitt tema hos "The Simpsons".
Far Homer jobbar på kjernekraftverk, mens mor Marge er heimeverande. Bart er eldste sonen og er 10 år gammal, Lisa er 8 og babyen Maggie. Familien har og ein hund somheiter Cato.
Det er mykje religion i Simpsns, og det er kristendommen som står sterkast. Vi finn ein prest der. Naboane deira er såkalla "gladkristne" - ærekjære og prektige folk.
Ein gong drøymer han og snakkar med Gud. da får han skjenn fordi han ikkje går i kyrkja.
Det er ikkje mange ting her som vil folk vondt. Teikneserien held fram det gode. Religionen er ei samlande kraft og rettesnor, men også dei hyklerske sidene hos folk blir trekte fram, og fordomane blir fordømde. Så her får alle noko å tenkje over.
Så skjønar dei at det er ikkje så dumt med religion, - likevel. Så møter han opp i kyrkja, men der sit han og søv og snorkar.
Det er litt vanskeleg å samanlikne norsk og amerikansk kyrkjeliv. Det at amerikanarane har moro på bekostning av prestar eller kristne, treng ikkje å bety at dei vil ramme norske kristne. Men teikneserien Simpsons har noko som er verdt å ta med seg - same kva religion ein høyrer til, seier Håkon Mellbye Sverdrup.
Artikkelen er skriven for nett av Helge Helgheim.