Normal

Dyrare forsikring for røykarar

Forsikringsselskapa vil straffe røykarane. No blir det opp mot dobbelt så dyrt for røykarar å teikne livsforsikring. Men røykarane får uventa støtte.

Sigarett
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Mannen som som blir kalla røykelova sin far, Dagfinn Høybråten, meiner forsikringsbransjen diskriminerar røykarane.

Norge er det første landet i Norden der forsikringsselskapa no åpnar for at røykarane må betale for den helserisikoen dagleg røyking medfører. Nederland, Irland og Storbritannia har tidligare innført liknande ordningar.

Sjølv dei som berre røyker ein sigarett om dagen kan no vente seg eit prishopp på 50 prosent på forsikringspremien.

- Folk veit at det er farleg å røyke. Dette er svært godt dokumentert etter kvart, så da synst vi det no er riktig å gjere dette skiljet i forsikringspremien. Det gir også ein ekstra oppmuntring til røykarane om å slutte, seier Jan Otto Risebrobakken i Storebrand.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dobbelt så dyrt

  • Røyker du dagleg mellom 1 og 14 sigarettar vil forsikringspremien auke med 50 prosent.
  • Røyker du over 14 sigarettar om dagen vil forsikringspremien bli dobla.

For ein mann på 35 år kan ein normal forsikring auke frå rundt 7500 kroner til 15.000 kroner.

Ei kvinne i same alder som røyker over 14 sigarettar kan forvente å få auka premien med over 9000 kroner.

Jan Otto Risebrobakken

Storebrand vil ikkje oppretta noko røykepoliti. - Vi stoler på folk, seier selskapets direktør for næringspolitkk, Jan Otto Risebrobakken.

Foto: Gard Brox Jensen, NRK

Dette er ut i frå Storebrand sine eigne satsar. Dei som ikkje røyker kan derimot rekne med ein reduksjon i sin forsikring på kring 15 til 20 prosent.

- Desse satsane stemmer ganske nøyaktig med den auka risikoen for sjukdom og tidleg død som vi ser i den medisinske forskinga på området, seier Risebrobakken.

Høybråten kritisk

Røykarane får uventa støtta. Dagfinn Høybråten, leiaren i Kristeleg Folkeparti som i si tid som helseminister innførte røykelova i Norge, meiner forsikringsbransjen diskriminerar røykarane.

- Eg er veldig kritisk til eit slikt vedtak. Det er vanskeleg å stille livsstilskrav i samband med forsikringar. Kva blir det neste? Er det billigare premie til dei som trimmar? Straff til dei som ikkje trimmar?

- Her trur eg forsikringsbransjen bevegar seg ut i eit farvann som raskt vil bli ei sortering av mennesker.

- Det er farleg å røyke, er det ikkje da rettferdig at røykarane tek rekninga?

Dagfinn Høybråten

- Sortering av mennesker, meiner Kr.F.-leiar Dagfinn Høybråten.

Foto: Gard Brox Jensen, NRK

- Eg har fleire gonger blitt spurt om ikkje samfunnet burde straffe røykarane på ulike måtar. Gjennom at dei må betale for sjukehusopphald som er gratis for alle i Norge.

- Mitt svar er at eg trur ikkje på den type virkemiddel. Vi har sett at andelen daglege røykarar har gått kraftig ned i Norge med dei virkemiddel vi har brukt, og eg synest ikkje dette er nokon god ide, seier Høybråten.

LES OGSÅ: Sigarettstopp i matbutikken

Festrøykaren slepp unna

Jan Otto Risebrobakken i Storebrand seier at såkalla festrøykarar ikkje vil bli råka av den nye ordninga. Det er først dei som røyker dagleg som vil bli straffa økonomisk med det nye forslaget.

- Korleis skal de kontrollere at folk ikkje lyg?

- Det kjem ikkje til å bli noko røykepoliti. Vi stoler på at folk gir riktige opplysningar. Det syner også tidligare røynsle, fortel Risebrobakken. Han understrekar vidare at folk også er klar over at det har konsekvensar å oppgi feil opplysingar til forsikringsselskapet sitt.

Det er nemnda for helsevurdering i Finansnæringens Hovedorganisasjon som har laga dei nye satsane.

Vital og Storebrand som har rundt 80 prosent av markedet for individuell livsforsikring har alt bestemt seg for å innføre dette.

Nordea seier dei har dette førebels til vurdering.

LES OGSÅ: Vanskeligere å kutte «lett-røyk»

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.