NRK Meny
Normal

Draumeslott på «billigsal»

Draumar du om å kjøpe deg ein eigen herregard? I Sverige kan du kjøpe deg eit draumeslott til langt under halve prisan av i Norge.

Knusesund Herregård som ligg i Säffle kommune, ein halvanna time frå grensa til Norge, er berre ein av få herregardar som er til sals i vårt naboland.

Bygget er i topp stand, er på over 2000 kvadratmeter, har moderne kjøken og kan ta i mot 35 overnattingsgjestar. Prisforslag var på 7,5 millionar svenske kroner.

40 millionar?

– I Bærum og områda rundt Oslo ville nok eit slikt hus fort passert langt over 20 millionar kroner. Kanskje nærmare 40 millionar, seier eindomsmeklar Edvard Chapsang.

Han jobbar til vanleg som meklar i DNB Eiendom i Bærum, men som deltakar i TV-programmet «Solgt» har han også fått eit innblikk på bustadprisane i Säffle i Sverige.

– Eg visste at det var billigare med fritidshus i Sverige, men er nok blitt overraska over kor billig det faktisk er. Sånne eigendommar som Knusesund er det eit fåtal av i vårt område og spesielt med så stor tomt, seier Chapsang.

– I tillegg er det jo billigare å leve i Sverige, legg han til.

20 herregardar

Edvard Chapsang

Edvard Chapsang saman med programleiar Frode Søreide og kollega Kine Sætre har vore på opptak til Solgt i Sverige.

Foto: Camilla Sand / NRK

Herregarden i Säffle er berre ein av få som er til sal i området rundt Väneren, som er eit populært hytteområde for nordmenn.

Ronald Johannesson jobbar som meklar i selskapet Svenske Gårdar. Han har siste åra selt rundt 20 liknande objekt.

– Vi har mange slike her i området grunna at vi har ein historie med mykje jern- og skogindustri. Då var det ofte vanleg at ein bygde store herregardar. Det er nok også grunnen til at prisen vil overraske mange, seier Johannesson.

Mange av dei han har selt kostar under ti millionar kroner.

Populært for nordmenn

Aldri før har så mange nordmenn reist over grensa til Sverige for å kjøpe seg fritidshus. Dei mest populære områda er framleis langs vestkysten av Sverige og rundt Strømstad.

Her er prisane etter kvart på same nivå som i Norge. Reiser du derimot inn i landet og i området rundt Väneren er prisane mykje lågare.

Men det er viktig å vite at i vårt naboland Sverige er det mange reglar ved sal av bustader som er annleis enn i Norge.

Meklar P.W. Torben Jonsson i Strömstad skriv bok om «Boligkjøp i Sverige».

Han har sett på dei største skilnadene mellom Norge og Sverige.


1. Bud er ikkje bindande

– I Norge er eit bud bindande så fort du har sendt faksen med ditt bud til meklaren. I Sverige er ikkje bud bindande før du har signert sjølve kjøpskontrakten, fortel Torben Jonsson i Meklarhuset i Strömstad til NRK.no.

I praksis betyr det at du som kjøpar kan vere med i fleire bodrundar samtidig, sjølv om dette ikkje er så vanleg.

Men dette er ikkje ein vilkårslaus fordel for deg som kjøpar. Om du har fått tilslaget på ei hytte, så kan det likevel komme andre på bana i ettertid og by over deg.

Hytta er først di når du har signert kontrakten.

Det er heller ikkje vanleg å operere med bodfristar i Sverige – sjølv om dette er tillate.

2. Ingen objektiv takstmann

Det er ikkje same krav til takst i Sverige som i Norge.

Du kan ikkje forvente å finne ein objektiv takstrapport ved kjøp av ei hytte.

Eigaren skriv ned det han veit om tilstanden, men det er opp til kjøparen å undersøke at dette faktisk stemmer.

Dei tekniske opplysningane om bygget er difor minimale.

Dette gjer at du sjølv må gjere grundige undersøkingar av objektet du ser på.

Ser du på ei hytte er det alltid lurt å leite etter fukt under hytta – dersom det er tilgang dit. For å vere mest mogeleg trygg bør du ta med ein fagmann på vising.

Heldigvis er det mange som nå er i ferd med å kjøpe seg uavhengige takstmenn.


3. Kor finne draumehytta?

Draumehytta

Aldri før har så mange nordmenn kjøpt seg hytte i Sverige.

Foto: Frode Søreide / NRK

Finn.no er nettstaden ein ofte nyttar i Norge i jakt på draumeobjektet.

Dei fleste hytter som peikar seg mot den norske marknaden blir også lagt ut der.

Sverige har også sin versjon, som heiter Hemnet. Dei mest populære områda finn ein sjølvsagt langs kysten.

For nordmenn er Strømstad og Tanum kommune veldig populært. Nesten halvparten av alle fritidshus her blir kjøpt av nordmenn.

Sjarmerande byar som Grebbestad, Fjällbacka, Hamburgsund og vidare nedover mot Kungshamn er også svært populære område.

Skal du gjere eit kupp er det best å trekkje litt inn i landet.

4. Høgare provisjon

Provisjonen til ein meklar i Sverige er ofte høgare enn for meklarar i Norge.

Men det er ikkje dermed sagt at det er dyrare å bruke meklar i Sverige.

– I vår provisjon er alt inkludert. Både prospekt, visningar og all marknadsføring som annonsar i avisene. I Norge derimot er dette utgifter som kjem i tillegg til den vanlege provisjonen, fortel Jonsson.

Han meiner at kunden på den måten vil få lettare totaloversikt over kostnadene.

5. Skatt og avgifter

I Sverige må du betale avgift til kommunen.

Den tidlegare eigedomsskatten er fjerna, men ein betalar 0,75 prosent av bustaden sin takst, som ei kommunal avgift. Maksimalt 6400 kroner i året.

I tillegg må du betale 22 prosent skatt om du vel å selje hytta og du får selt med forteneste.

Dette er uavhengig av kor lenge du har eigd hytta.

I Sverige er tinglysingsgebyret på 1,5 prosent mot 2,5 prosent i Norge. Dokumentavgifta utgjer i overkant av 800 kroner.


6. Ingen buplikt

Du kan trygt kjøpe deg villa i Sverige – men likevel bruke det som feriehus.

I Sverige finst det nemleg ikkje buplikt på hus og hytter.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.