Difor skjer biopeisulykkene

På under ein månad har det skjedd tre alvorlege ulykker med biopeisar. Ulykkene skjer når folk skal etterfylle bioetanol. No krev DSB sikker bioetanolemballasje.

Bioetanolen antenner og spruter utover på omgivelsene.

SJÅ VIDEO: Bioetanolen antenner ved etterfylling og sprutar brennande væske på dei rundt. Foto: Petter Nielsen/NRK.

Dei siste tre åra har det skjedd 19 ulykker med biopeisar, der personar har fått alvorlege skadar.

Men Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) vil ikkje gå for eit forbod mot sjølve bioetanolpeisane.

I februar har dei invitert bransjen til dialog om sikrare påfyllingsordningar for bioetanol.

DSB opplyser at dei fleste ulykkene skjer ved etterfylling av bioetanol, og at den største faren ved bioetanolpeiser er at forbrukarane fyller på bioetanol medan det enno er flamme.
Når bioetanolen antenner, sprutar den utover i eksplosjonsform, noko som fører til svært stygge skadar.

Torill Tandberg avdelingsdirektør DSB

Torill Tandberg, avdelingsdirektør i DSB.

Foto: Helga Tunheim / NRK

På FBI i kveld klokka 19.45 kan du sjå kor gale det kan gå når bioetanol antenner og få gode råd om bruk av biopeis.

Les også: Butikk får bot etter biopeis-brann

Vil stoppe ulykkene med ny forskrift

– Problemet kan løysast med ei regulering som vil gi sikrare bioetanolkanner, seier Torill Tandberg, avdelingsdirektør i DSB.

Tandberg fortel at DSB i februar vil overlevere eit nytt forslag til ein forskriftsavgjerd der dei vil stille krav til at bioatanolemballasjen eller fylleanordningar for bioetanol er utforma slik at flammar ikkje lett kan slå tilbake i emballasjen og forårsake at den tar fyr.

– Dette vil vere eit krav vi vil stille til produsentar, importørar eller dei som omset slik emballasje for bioetanol, seier Tandberg.

Ho legg til at det er vanskeleg å sei eksakt når kravet vil tre i kraft.

– Vi vil sende vårt forslag til justisdepartementet i løpet av februar. Etter ei vurdering der blir det sendt på offentleg høyring, seier Tandberg.

– Forbod vil vere å gå forlangt

Etter alle dei stygge ulykkene vil avdelingssjef i Oslo brann- og redningsetaten Hege Hammer forby biopeisar totalt.

– Ulykkene viser at det er for lett å gjere feil, og konsekvensane blir ofte dramatiske, i verste fall livstruande, sa Hege Hammer tidlegare til NRK.

DSB skjønner innspela til brannsjefen i Oslo om eit forbod av peisane, men opplyser om at eit forbod mot peisane vil vere å gå for langt.

– Det ligg ein del juridiske skrankar i samhøve med EØS-reglane om det frie varebytet, og vi er forplikta til å gjere det minst inngripande tiltaket. Vi kan ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for å oppnå formålet, seier Tandberg.

Formålet til DSB er å stoppe ulykkene med biopeisar. DSB anslår at det finnast omtrent 30 000–50 000 biopeisar i norske heimar.

Bransjen er positiv

Wilhelmsen Chemicals, som er ein norsk produsent av bioetanol, er positive til å etterfølge nye reglar.

– Vi ser fram til dei nye reglane som kjem og vil etterleve desse, seier påtroppande direktør Thorstein Medhus i Wilhelmsen Chemicals.

Sidan det ikkje er klart kva vedtak som vil gjelde, kan vi dessverre ikkje utdjupe korleis vi vil møte dei nye krava, seier Medhus.

Nye peisar forhindrar feilbruk

Tor Nordlie frå Biopeis, som sel biopeisar og bioetanol, vil gjerne møte i dialog med DSB, men Nordlie vil påpeike at dei no sel peisar som har separat tank og brennerdel, som forhindrar at brukaren kan gjere feil ved etterfylling.

– Vi trur dette er framtida, men vi har også jobba mykje med å finne kanner som er sikrare mot tilbakeslag, og trur no at vi snart kan komme med løysingar på dette for eksisterande peiser, seier Nordlie.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)