Difor har straumrekninga blitt høgare

I vinter må ein rekne med å betale vesenteleg meir for straumen enn i fjor. Her er tipsa for korleis du kan gjere straumrekninga litt mindre.

Forbruksgjeld og kredittkort

Det er mellom anna påverking frå den europeiske marknaden og tørka i sommar som gjer at straumprisane er ekstra høge no. Illustrasjonsfoto.

Foto: Jon Olav Nesvold / NPK

Ein av årsakane til dei høge straumprisane er tørka som var i fjor sommar.

– Det gjer at det er mindre vatn i magasina til nokre av vasskraftverka, fortel Anne Vera Skrivarhaug, direktør for energiavdelinga i Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE).

Ifølgje NVE har ein einebustad som nyttar 20.000 kWh i året måtte betale om lag 300 kroner meir for straumen berre dei to første vekene i 2019 samanlikna med dei to første vekene i 2018.

– Ei dobling i kraftprisane

Tor Reier Lilleholt, analysesjef i analysebyrået Wattsight, trekk òg fram tørka i sommar og kraftprisane elles i Europa som årsak til høge straumprisar i vinter.

– Vi er sterkt knytt til marknaden i resten av Europa. Klimakvotene, som vi er ein del av gjennom EU, har stige kraftig i pris. Dette har mellom anna ført til ei dobling i kraftprisane, seier han.

Klimakvoter er løyver ein må kjøpe for å kunne sleppe ut eitt tonn Co2. Det gjer til dømes at straum produsert av kolkraftverk blir dyrare, noko som påverkar straumprisane i heile Europa.

Høyspentmast

Illustrasjonsfoto.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

I januar i fjor var kraftprisen 31 øre per kWh. No ligg prisen på 55 øre, og prognosane viser at den kan stige til over 60 øre i februar, ifølgje analysesjefen.

– Også nettleiga er fleire stader dyrare enn den nokon gong har vore, då det blir investert mykje i å utvide distribusjonsnettet, fortel Lilleholt.

Om vinteren går i tillegg forbruket av straum opp. I januar og februar er det venta at det skal bli kaldare fleire stader i landet.

– Ein forventar at prisane held seg høge ei god stund framover. Men om det byrjar å blåse meir, slik at ein får produsert meir vindkraft, eller at vêret blir mildare og vi får meir nedbør, kan det trekkje prisane betydeleg ned, fortel Skrivarhaug.

Slik kan du gjere straumrekninga mindre

– Ein kan spare ein del på å gå gjennom straumavtalen sin, og sjå om det kan vere billegare straum hos ein annan leverandør. Men det mest effektive er å sjå på korleis ein kan seinke straumforbruket, seier Lilleholt.

Ifølgje seniorrådgjevar i Enova, Tor Brekke, går rundt 60 prosent av straumen i ein bustad til oppvarming. Han rår mellom anna til å ikkje ha på varme i rom som ein ikkje oppheld seg i.

– Om ein har vedomn, kan ein fyre i den, eller så kan ein nytte varmepumpe til oppvarming. Den gir tre gonger så mykje varme som ein panelomn, med like mykje straum. Om ein har mykje trekk i bustaden, kan ein tette listene rundt vindauge og dører, seier Brekke.

Det kan òg løne seg å vere bevisst på bruken av varmtvatn, som står for rundt 20 til 30 prosent av straumbruken.

– Eit godt tips er å få seg ein sparedusj, fortel han.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.