Hopp til innhold

Dette ser ein takstmann etter på vising

Ikkje la deg lure av nymalte overflater. Her er takstmennene sine beste råd til kva du bør sjå etter på vising.

Sluk

Badet er det rommet kor det oppstår flest tvistar i samband med kjøp og sal av ein bustad. Illustrasjonsfoto.

Foto: Maria Elsness / NRK

– Røyrsystemet er den største fallgruva på eit kjøkken. Eg vil alltid ta meg ein tur i skapet under vasken. Er det gamle røyr, så er det eit signal om at du kanskje må til med ei oppgradering, seier Eivind Løyning i Egersund Bygg og Tomteutvikling.

- Ingenting er vedlikehaldsfritt, seier dei to takstmennene.

Kva bør du undersøke på vising? Her er svaret frå takstmennene Eivind Løyning (t.v.) og Bjørn Åge Maribu.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

NRK.no har bede dei to røynde takstmennene Bjørn Åge Maribu og Eivind Løyning om å kome med sine beste tips om kva du bør sjå etter på vising.

– Ring takstmannen dersom det er noko du ikkje forstår eller lurer på etter visinga, er rådet frå Maribu og Løyning.

Trass i at det å kjøpe bustad ofte er den største investeringa ein gjer i livet, er dei overraska over kor lite tid folk brukar på sjølve visinga. Sjølv blir dei sjeldan kontakta av kjøparar på eigedomar dei har taksert.

– Det er ofte mange faguttrykk som er vanskeleg å forstå for vanlege folk. Ein kjapp telefon til takstmannen kan gi svaret på om du står overfor ein stor eller liten kostnad, seier Maribu som er dagleg leiar i Takst Team i Stavanger.

Her er seks viktige punkt for kva du bør undersøke på vising:

1. Sjekk badet grundig

Her er tre råd frå ein takstmann

I sluket på badet er det lurt å kjenne etter om det er lagt membran.

Badet er det dyraste rommet å pusse opp i eit hus eller leilegheit. Som regel er det også her dei fleste tvistane i samband med eit bustadkjøp oppstår.

  • Det er viktig å opne sluket på badet og sjekke at det er membran.
  • Skru på dusjen for å sjekke at vatnet renn ned i sluket, viss ikkje er det feil helling på golvet.
  • Er badet bygd etter våtromsnorma? Dersom ikkje slik dokumentasjon finst, tyder det på at det ikkje er gjort.
  • Rifter eller sprekkar i flisene kan tyde på lekkasje i veggen.

– Ta fingeren din og føl deg fram mellom flisene på badet og spesielt i dusjsona. Dersom du oppdagar rifter og ujamne linjer, kan det tyde på at veggen bak flisene ikkje er som den skal, forklarar Bjørn Åge Maribu.

Eit nytt bad kostar fort 200.000 kroner.

2. Sjekk skapet under vasken på kjøkkenet

Er røra nye?

– Røyrsystema under vasken er ei av dei største fallgruvene på eit kjøkken, seier takstmann Eivind Løyning.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

Mange let seg blende av eit nytt og moderne kjøkken. Men i tillegg til å sjekke skap- og benkeplass er det smart å bruke vel så mykje tid inne i skapa.

– Gamle røyr bør ein vurdere å skifte ut, er det klare rådet frå dei to takstmennene.

  • Sjekk òg fuginga mellom benkeplate og vegg. Er den ikkje tett, kan det renne vatn ned bak veggen.
  • Skru opp krana i vasken for å sjekke trykket. Dårleg trykk kan tyde på fortetta røyr i gamle hus og leilegheiter.
  • Sjå etter fukt i skapet under vasken og på golvet, og ta fingeren og sjekk tilstanden på undersida av benkeplata.

3. Kor gamalt er det elektriske anlegget?

Strømmåler

Det er viktig å sjekke alderen på sikringsskapet og om det finst samsvarserklæring frå den som utførte jobben.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje

Alle elektriske anlegg som er nyare enn 1999 skal ha ei samsvarserklæring på alt arbeidet som er utført i sikringsskapet.

– På eldre anlegg er det lurt å sjå om det er leidningar som ligg skeivt, det kan tyde på at ufaglærte har tukla med anlegget, seier Maribu.

– I slike tilfelle vil eg oppfordre folk til å hente inn ein sakkunnig som kan ta ei vurdering av anlegget, seier Maribu.

  • Sjå etter synlege skadar eller lause leidningar på brytarar/kontaktar.
  • Be om samsvarserklæring for utført arbeid.

4. Gamle vindauge kan koste deg dyrt

Vindauge på Vassenden skule.

Dersom vindauget ser slik ut, er det på høg tid å skifte det ut.

Gamle vindauge kan fort slå ut på straumrekninga di. Å skifte vindauge kan difor gi god innsparing over tid.

Skift vindauge - spar tusenlappar

  • Alder på vindauga finn du ved å sjekke stempelet i karmen mellom vindaugsflatene.
  • Sjå etter om vindauga er punkterte.
  • Finn ut om det er fuktskadar eller trekk rundt karmen.

Nye vindauge kan koste rundt 5000 kroner per stykk.

5. Er taket tett?

Sjekk taket!

Gamle tak er fine, men det er viktig å sjå etter fukt og knuste taksteinar.

Foto: Frode Søreide / NRK
  • Finn ut kor gamalt taket er og om det er taksteinar som er øydelagde.
  • Undersøk om det har vore lekkasjar. Dette er ofte synleg ved misfarging av treverk og plater på loftet.
  • Er takrennene heile og pene, og blir vatnet leia vekk frå huset?
  • Undersøk området rundt pipa og ved luftekanalane.
  • På vinteren kan du også sjå etter istappar. Dette kan indikere fukt-problem på loftet.

Det er ikkje alltid like lett å få undersøkt taket på ei vanleg vising, men er det skadar på taket, kan det medføre store og kostbare utbetringar.

– Om du ikkje oppdagar synlege skadar på taket, så er alderen den beste indikasjonen på tilstanden. Generelt vil levetida for eit teglsteinstak vere rundt 40 år, fortel Maribu.

6. Korleis er nabolaget?

Sjekk nabolaget

Sjekk om det finst ein reguleringsplan, slik at du brått ikkje får ei bustadblokk i nabolaget som skuggar for sola.

Foto: Frode Søreide / NRK

Å flytte eit hus er ikkje så lett, og nabolaget får du sjeldan gjort noko med. Men dette kan du sjekke opp:

  • Solforhold, støy og luktplager.
  • Finst det ein reguleringsplan for området? Undersøk om det er utbyggingsplanar i nabolaget.
  • Er det bråk frå naboane?
  • Kva tilbod som skule, butikk og kollektivtransport er det i nærområdet?

– Det er viktig å vite at kostnadane for utvendig vedlikehald er høgare for eit hus på kysten av Vestlandet, samanlikna med eit hus i ein dal på Austlandet, der det berre regnar rett ned, seier dei to takstmannen frå Rogaland.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)