Hopp til innhold

Dette irriterer oss på nett

I år fyller verdsveven 18 år. Men barnesjukdomane irriterer oss framleis grøne. Her er dei 40 verste.

Irritert på nettet
Foto: Colourbox

Den digitale revolusjonen har gjeve oss ein heilt ny kvardag. Men i likskap med alle andre goder, lurer det enkelte biverknadar bak glansbiletet av den teknologiske utviklinga.

Verdsveven er full av små og store irritasjonsmoment som kan vere alt frå lett plagsomme til gjenstand for intenst hat i den daglege nettsurfinga.

Her ei uoffisiell og uhøgtidleg kåring av dei 40 verste syndarane, inspirert av ei liste frå den britiske avisa Daily Telegraph.

Nettkjendisar og bli rik i ein fei-svindel

Faksimilie frå YouTube

Nettkjendis Chris Crocker. Faksimile frå YouTube.

40. Vi startar på botnen, på mange måtar. Internettfenomenet Chris Crocker . Britney Spears-fan, videobloggar, og ein av mange såkalla internett-memer dei siste åra.

39. PDF-filer på nettsider. Informasjonen du var på jakt etter kunne i dei fleste tilfelle ha blitt presentert på ein mykje meir tilgjengeleg måte på nettsida du gjekk inn på.

38. Offentlege nettstadar. Dei fleste offentlege tenester og etatar har kome seg på nett, med mange grelle resultat, og dårleg og forvirrande utforming, spesielt for uerfarne nettbrukarar. Politi.no er ei av sidene som har fått kritikk.

37. Bli rik i ein fei-svindlar. Dersom desse «idiotsikre og geniale» forretningsmodellane fungerer slik dei lovar, skulle vi alle ha vore millionærar for lenge sidan. Men her handlar det berre om å klare å lure godtruande nettbrukarar til å investere små summar utan å få noko attende. Desse tilboda er gjengangarar i søppelpostkassa di, og trufaste bidragsytarar til støyen på internett.

36. Videoar med automatisk avspeling. Kven har vel ikkje hoppa i stolen av den altfor høge lyden av ein reklamesnutt som ein aldri har bede om å få servert?

35. Passordkrav. Èi nettside krev at passordet ditt har åtte teikn, ei anna blanding av tal og store og små teikn, ei tredje meiner passordet du endeleg har lært deg har blitt for svakt. Det einaste som hjelp, er å skrive dei ned, og då er vel litt av vitsen borte.

34. Fiendskap overfor nye brukarar. Gode nettstadar får trufaste brukarar som lagar sine eine retningslinjer ...og trer desse nedover hovudet på alle såkalla «newbies» .

Bufring og nettsider som prøver for hardt

Bård og Harald i nett-TV

Bård og Harald bufrar. Faksimile frå NRKs nett-TV.

Foto: NRK

33. Minnesider. Når noko tek slutt, er Facebook-gruppa der i neste sekund.

32. Bufring. Sjå litt. Vente. Sjå litt. Vente. Vente.

31. Gradvis utvisking av moral. Smaklause vitsar er berre eit klikk unna, og grensene for kva som er humor og kva som er obskønt og direkte sjokkerande flyttar seg stadig.

30. Falske virale videoar. Dei ville ikkje ha vore så irriterande, hadde dei ikkje vore så effektive. Snart må ein mistenkje alle morosame klipp på nettet for å ha ein avsendar med kommersielle hensikter.

29. Tida før nettet er mindre viktig. Omtrent kvar einaste bloggpost og nyheitssak dei siste atten åra kan googlast fram på eit sekund. Men å finne informasjon frå samtida før nettet, på nettet, er framleis vanskeleg. Difor fører nettet til at vi lett vektar det som har skjedd etter 1991.

28. Nettsider som prøver for hardt. Folk vitjar ikkje nettsider for oppleving, men for informasjon. Tunge, grafiske element som gjer at sider lastar seint, skaper ikkje noko anna enn frustrasjon.

27. Lister. Artige å lese - og nettet flommar over av dei. Som eit døme, kan du fundere på ironien ved at du no les vidare.

LOL og kvitrande komikarar

Stephen Fry på Twitter

Komikar Stephen Fry klarer ikkje å halde seg. Faksimile frå Twitter.

26. Private spor. Trur du at du veit kva du legg att av fingeravtrykk på nettet? Tru om igjen.

25. Nasjonale restriksjonar. I ei tid prega av fri informasjonsflyt over landegrenser, er det framleis mange tenester (som den amerikanske videosida hulu.com ) som grunna nasjonale lovverk ikkje let deg få vere med på leiken.

24. Påkrevde felt i utfylling av skjema. "Du har ikkje fylt inn telefonnummer og adresse". Dess fleire hinder vi møter, dess mindre lyst får vi til å kaste pengane våre etter seljarar på nettet.

23. Innloggingsknappar som er vanskelege å finne. Enkelte sider er så opptekne av ha innovativ design for nye brukarar at dei gløymer eksisterande brukarar som prøvar å komme seg inn på sida.

22. Nettsider som ikkje støttar tilbake- og framoverknappane.

21. Søppel overalt. Skodespelar Jack Nicholson annonserte for nokre år sidan at han kopla maskina si frå nettet. Grunnen? "Det er så mykje porno der at eg aldri kjem meg ut av huset."

20. Komikarar på Twitter. Stephen Fry har meir enn 860.000 følgjarar , og kvitrar stadig ut sjølvpromoterande, halvferdige vitsar. Norske komikarar er på god veg etter.

19. Forkortingar. ROFLMAO. BRB. CUL8R. Skjønar du ikkje desse, har du ikkje gått glipp av noko viktig.

ViRuS oG sKrIvEfEiL

Datavirus

Datavirus, ekte eller uekte, er irriterande greier.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

18. bLaNdInG aV sToRe Og SmÅ bOkStAvAr. Unyttig, stygt og ikkje artig i det heile tatt.

17. Virus- og angrepsalarmar. Nokre av dei er ekte, nokre er falske, alle ropar like høgt. Det kan umogeleg vere sunt å ta innover seg alle desse truslane som det skal mykje til for at du blir ramma av.

16. Virus, lureri og søppelpost. Treng inga forklaring.

15. Opptekne brukarnamn. Heiter du Jan Johansen, er sjansane store for at du må nytte jan_johansen_63 eller jan555johansen som brukarnamn, fordi nokon andre har tatt det du hadde mest lyst på.

14. Samtalar overalt samtidig. Det er jobbsnakk på e-post, chatting på MSN, skriving på Facebook-veggen og kvitring på Twitter - gjerne med samme person, kanskje på samme tid. Forvirrande!

13. Bedrifter som vil ha di meining. Kommersielle selskap som tidlegare var utan ansikt, skal no lokke deg til å delta i det dei driv med gjennom å infiltrere brukarmassen på sosiale medier.

Sprettoppreklamar og blogging

Blogg: Helenapus Westergren
Foto: Faksimile: Helenapus Westergren

12. MySpace. Sosial nettstad som er skrekkeksempel på dårleg utforming og design – med millionar av brukarar.

11. Nettet er alltid på. Eit par timar med surfing kunne godt vore erstatta av å faktisk møte familie og vennar litt oftare.

10. Petimeter i kommentarfelt. Når statsbudsjettet er offentleggjort, kan du banne på at det sit folk med lupe rundt omkring for å leite etter stavefeil dei kan triumfere over på nettet.

9. Alt har vore gjort før. Har du ein god idè? Nokon har gjort det før deg, og du kan ikkje lengre vere lukkeleg uvitande om det.

8. Snakkebobler på YouTube. Det som skulle gje videosnuttar meirverdi, har blitt eit uendeleg mas frå andre brukarar. Det er som å sjå favorittfilmen til eit barn, saman med barnet. "No kjem den kjempeartige scena der bilen kræsjar! Sjå no, sjå!"

7. Sprettoppreklame. Finst det noko meir irriterande?

6. Blogging. Ikkje bloggane i seg sjølv, men det dårlege samvitet for at du ikkje har oppdatert den tidsslukande, offentlege dagboka di i det siste.

Latskapsaktivisme og «det neste store»

Grøn støtte på Twitter

Så enkelt er det velte regimet i Iran. Eller er det det? Faksimile frå helpiranelection.com.

5. Den neste store greia. Hugsar du Friendster? Søkjetenesta Sesam? Eller Geocites? For kvar suksess som tek av på nettet ligg døgnflugene strødd når røyken har lagt seg.

4. Ekspertar på sosiale medier. Å vite korleis ein kvitrar på Twitter burde ikkje vere ein karriereveg.

3. CAPTCHA. Internett er foreløpig ein av få stadar der du må bevise at du er eit menneske. Det har blitt estimert at vi nyttar 150.000 timar dagleg for å dekode krusedullar og forvridde teikn som må tastast inn som sikkerheitstiltak på stadig fleire nettsider.

2. Beskjedar som gir deg beskjed om... beskjedar. E-postinnboksa blir fylt opp av meldingar frå Facebook, Twitter og andre nettenester, som fortel deg at du har fått nye meldingar. Skal tru kor lenge det går før nokon lagar ein applikasjon for Facebook som sender deg melding når du har motteke e-post?

1. Latskapsaktivisme. Å bli med i ei Facebook-gruppe har blitt det nye demonstrasjonstoget, men effekten er nok i dei fleste tilfelle forsvinnande liten. Grønfarga Twitter-avatarar velta neppe Ahmadinejads regime i Iran, og den nye konformitetsaktivismens største sigrar så langt har dreidd seg om relansering av søtsaker som har gått ut av produksjon.

  • Les lista til Daily Telegraph her .
  • Kva irriterer du deg mest over på nettet? Tøm frustrasjonen her!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)