Hopp til innhold

Dette får du for tre millionar kroner

Lyst på leilegheit i hovudstaden på 34 kvadratmeter, eller 368 kvadratmeter ved stranda? Dette er kva du får av bustad for tre millionar kroner rundt i Noreg.

Dette får du for 3 millionar kroner

Alle desse fire bustadane på ulike plassar i landet har ein verdi på omlag tre millionar kroner.

Bustadprisane i Noreg varerier like mykje som temperaturane i april. For å vise kor lite og kor mykje bustad du får for rundt tre millionar, har NRK.no funne eit tilfeldig utval bustadar rundt om i landet.

For rundt tre millionar kroner får ein til dømes ein 34 kvadratmeter leilegheit i første etasje med terrasse, for 88.235 kroner per kvadratmeter.

Eller ein kan få ein historisk eigedom som inneheld restaurant, pub og to leilegheiter. Til tre millionar. Den eine leilegheita har takterrasse mot sjøen, begge har moderniseringsbehov, men likevel får du heile 368 kvadratmeter for 8152 kroner per kvadratmeter. Det er ein prisforskjell på over 80.000 kroner kvadraten.

Meklar i EiendomsMegler 1 i Midt-Noreg, Lars Pedersen, meiner mange hadde hatt råd til bustaden dei ønskjer om dei hadde tenkt annleis.

– For tre millionar kan du få mange flotte bustadar i Noreg. Eg møter mange som seier dei ikkje har råd til bustaden dei ønskjer, men ofte er det plasseringa dei ikkje har råd til. I dag er for eksempel kollektivtilbodet så bra, at du ikkje må bu med gåavstand til jobb og skule, seier Pedersen til NRK.no.

1. Aust-Noreg

Jo mindre bustaden er, jo høgare blir ofte kvadratmeterprisen. Oslo har dei høgaste bustadprisane i landet, med eit gjennomsnitt på 51.707 kroner kvadratmeteren (sjå faktaboks).

Leilegheita på 34 kvadratmeter ligg i Frogner bydel i Oslo, og har ein stor privat terrasse.

– Det er stor pågang etter små leilegheiter med bra plassering! Det er som ein seier; location, location, location! Denne leilegheita har god takhøgd, så du får inn hems over kjøkkenet. Sjølv om den berre er på 34 kvadratmeter, har den ein terrasse på 35 m². Det gjer at dette er ein unik bustad, seier meklar Anne Gerlyng Smith i DNB Eiendom.

Ho legg til at denne bustaden har ein høgare kvadratmeterpris enn gjennomsnittet i området.

– Små objekt oppnår høgare pris enn større einingar, i tillegg har denne ein takterrasse som gjer til at prisen blir enda høgare.

Denne bustaden er på berre 34 kvadratmeter, men har og ein terrasse på 35 kvadratmeter, noko som drar verdien opp til rundt tre millionar:

Om ein køyrer ein halvtime frå Oslo, finn ein til dømes Ytre Enebakk. Her er det ein helt anna pris på bustadane. Tettstaden ligg i Akershus, mot grensa til Østfold.

– Mange trur nok at Ytre Enebakk er lenger frå Oslo enn det er. Du får ekstremt mykje for pengane her ute. Dette er eit område som byr på flott natur. Både fiske-, bade- og jaktmoglegheiter finn ein her. Og alt det med rask pendleavstand til Oslo, seier meklar Joachim Hoff i DNB Eiendom.

For tre millionar kroner får ein til dømes einebustaden på 137 kvadratmeter du ser på bileta under - med tre soverom, to bad og toalett. Huset har terasse og garasje.

– Her kan ein bytte ut ein liten leilegheit, og få ein einebustad. Ein får ein grei einebustad for tre millionar her. Plussar ein på 5–600 000 kroner til, får du ein veldig bra einebustad, legg Hoff til.

I Ytre Enebakk kostar dette huset omlag tre millionar:

2. Vest-Noreg

Om ein vil busette seg i Lærdal i Sogn og Fjordane, kan ein faktisk få eit hus frå 2014 på 122 kvadratmeter. Her får du tre soverom, vaskerom, bad og toalett. Huset har og terrasse på 72 kvadratmeter, garasje og sportsbod.

Prisen på tre millionar er faktisk billegare enn byggekostnadane!

I Sogn og Fjordane er gjennomsnittleg kvadratmeterpris 19.811 kroner.

– Prisane i Lærdal er ganske moderate, og prisen for denne eigedomen er sett under byggekostnadane! Vi meinte dette var ein riktig pris å gå ut med, og det har heller ikkje vore den store responsen etter første vising, sier Kenneth Bjørk, megler i Aktiv.

Heilt ny bustad i Lærdal til tre millionar:

Eller ein kan få ein eigedom frå 1895 med historisk sus over seg. På 368 kvadratmeter får ein to leilegheiter, pub og restaurant i Øystese/Øvreviken i Hordaland. Og det heile ligg så å seie på sjøen.

– Eg trur prisen ligg i nærleiken av det ein vil kunne oppnå i dag. Ein får definitivt mykje eigedom for pengane her, seier meklar Svein Olav Holdhus om denne spesielle eigedomen.

Denne historiske eigedomen er på heile 368 kvadratmeter, og ligg ved stranda. Til tre millonar:

3. Midt-Noreg

Sør-Trøndelag er det tredje dyraste fylket i landet, med ein kvadratmeterpris på 34.523 kroner.

Ein fireroms leilegheit i Trondheim er prisantyda til 2.990.000 kroner. Den er på 85 kvadratmeter med balkong, og er på over to plan. Meklaren skriv i annonsa at den ligg to minutt frå Solsiden, som er midt i sentrum av byen.

– Bustadprisane i dette området er prega av at det er eit populært område for studentar og unge, ergo er det og populært for investorar som driv utleige i både stor og liten skala. Prisene blir nok litt pressa på grunn av dette, seier meklar Lars Pedersen i EiendomsMegler 1 i Midt-Noreg.

Rett ved Trondheims Aker Brygge ligg denne leilegheita. Til omlag tre millionar, sjølvsagt:

Medan Sør-Trøndelag er det tredje dyraste fylket, er Nord-Trøndelag det tredje billigaste fylket. Kvadratmeterprisen er her på 18.692 kroner.

Difor kan ein her få eit småbruk 12 kilometer frå Levanger sentrum i Nord-Trøndelag. Her får ein stall med seks hestebåsar frå 2008. Det er ei tre mål stor ridebane på eigedomen, og ein har jaktrett på elg og rådyr. Tomta er på 223 dekar, og av det er 135 dekar dyrka mark. Og sjølvsagt er det ein einebustad på tomta.

– Prisane i området er lave i forhold til dei store pressområda, men prisane i vårt nedslagsfelt har og auka kraftig dei seinare åra. Tendensen har vore at nabokommunar til Trondheim har hatt ei stor prisauke, spesielt frå 2009 til 2013. Levanger er ein vekstkommune med aukande folketal, noko som tilseier at etterspurnaden er til stades, seier meklar John Arne Hoven i EiendomsMegler 1.

Rett utanfor Levanger kan ein få eit idyllisk småbruk for tre millionar kroner:

4. Nord-Noreg

Om Nordland er staden ein vil bu, kan ein få ein einebustad på 202 kvadratmeter frå 1980. Huset ligg i Sandnessjøen og har stor terrasse, fem soverom og hage, garasje og uthus.

– Husa her går jamt og trutt, dette huset har ikkje utsikt mot sjøen, noko som drar prisen litt ned. Ein får som de ser mykje hus for pengane, forklarar Merete Solvang i Aktiv Helgeland.

Om Sandnessjøen er der du vil bu, kan ein få eit hus på 202 kvadratmeter. Pris? Om lag tre millionar:

Om ein vil busette seg 70,7 grader nord, så passar kanskje ein fireroms i Hammerfest. Her får ein ei toppleilegheit med tre soverom. Den har utsikt frå balkong, og den ligg midt i sentrum.

Meklaren som sel denne bustaden seier at det ikkje berre er store forskjellar på pris i landet, men og innanfor fylket.

– Eg har lagt merke til at det er store forskjellar i Noreg. Berre i Finnmark er det veldig store forskjellar. I eit mindre fiskevær i Finnmark, kan ein nok få rundt åtte til ti einebustadar for tre millionar kroner, seier meklar Inge Bock i Privatmegleren i Hammerfest.

Hammerfest kan tilby toppleilegheit midt i sentrum for tre millionar kroner:

Meir om bustadprisar på Solgt! på NRK1 på måndagar kl. 19.45.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)