NRK Meny
Normal

Dette er best på do

NRK-profil Olav Viksmo Slettan tåler det meste på do. Heilt til toalettpapiret er så tynt at det raknar i skøyten. Sjekk kva toalettpapir som er best for baken og billigast for lommeboka.

Klar til testing av toalettpapir!
Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Det er noko vi alle brukar, men sjeldan snakkar om. FBI gir deg difor svaret på kva toalettpapir som er best og billigast. Og konklusjonen er klar: best for baken er nødvendigvis ikkje best for pengepungen!

Dårlig skøyt

Fem ulike grupper er med i jakta på toalettpapiret som gir høgst kvalitet. Gruppene blir låst inne på toalettet i Oslo Spektrum. I den uhøgtidlege blindtesten skal dei fem gi karakterar på mjukheit og styrke frå ein til seks, der seks er best.

Olav Viksmo Slettan

Olav Viksmo Slettan testar toalettpapir.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

- Eg synst ikkje det er så kult når det er for tynt. Då ryk det veldig lett i skøyten. Det må vere solid ordentlig papir, seier Viksmo Slettan.

Han blir lite imponert over Serla Spare sitt billigpapir, som er kjøpt på Rema 1000. Det meiner han ser møllete ut.

- I fare for å bli misforstått. Ein inner-toar, konkluderar NRK-programleiaren med eit smil.

Mest for penga

Med seg i ekspertgruppa har Viksmo Slettan fem andre personar: Torill Schøyen frå Norske Kvinners Sanitetsforeining, pensjonist Marit Kjosmoen, dagleg leiar i barnehage Anna Fornberg med sonen Filip og Jo Vemund Svendsen som representerte norsk ungdom.

For Kjosmoen som er pensjonist er ikkje komfort det som står øvst på lista. - Det viktigaste for meg er at det er masse på rullen, og at den ikkje går tom på ein to tre. Eg har barnebarn på besøk, og dei tenker jo ikkje på det, så da går jo fort heile rullen under eit toalettbesøk, sukkar Kjosmoen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Toalettpapir

Lengda varierer frå 20 til 58 meter pr. rull.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Stor skilnad

Testen avslørar at det er stor skilnad på pris og kor mykje ein får ut av kvar rull. For å finne det som gav mest for pengane tok vi med oss toalettpapiret til fleirbrukshallen Bygdøhus på Bygdøy.

Her rulla vi ut toalettpapiret. Lengda ble målt opp, ganga med talet på rullar og delt på prisen det kosta pr. pakning. På den måten fant vi ut kor mykje toalettpapir vi fekk for kvar krone. Og ikkje overraskande, det som får høge poeng for kvalitet er blant dei dyraste.

Både lam og hjarte

Lambi soft & caring får nesten full pott på kvalitet med 28 av 30 mulige poeng. Men det er også testens dyraste med ein pris på over 30 kroner for seks rullar. I tillegg har den desidert minst på rullen.

Du får over tre gonger så mykje toalettpapir om du går på Rema 1000 og kjøper Serla Spare. Men så er også det det simplaste toalettpapiret, med beskjedne 15 poeng.

- Eg er veldig glad i mønster og farger. Lambi har jo både hjarte og lam på seg. Det gjer det jo litt meir moro å gå på do, konkluderar Torill Schøyen og forsvarar seksaren ho har gitt Lambi.

FBI gjer merksam på at testen ikkje omfattar alle typar toalettpapir som er på markedet, men er plukka blant dei mest vanlege. Målingane er gjort med måleband, og det er ein tilfeldig rull frå kvar pakning som er målt opp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dopapir til testing

Disse er testa.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Resultatet:

Test av toalettpapir

Produkt

Lag

Pris

Meter pr.
rull

Ruller pr. pakke

Meter pr. krone

Kvalitet
(mykheit og styrke, max 30 poeng)

Utsalgs-sted

Serla Spare

2

11,50

22

8

    15,3

15

Rema 1000

Euroshopper

2

13,-

21

8

    12,9

17

Rimi

Serla Maxi

2

21,-

44,5

4

     8,5

22

Rema 1000

First Price

2

11,90

21,5

8

    14,45

17

Kiwi

Bad & Toalett

3

27,-

25

6

    5,55

19

Rimi

Lambi (soft & caring)

3

31,90

20

6

    3,76

28

Kiwi

Edet Soft

3

29,90

23

6

     4,61

23

Kiwi

Edet Maxi

2

27,90

58

4

     8,31

20

Kiwi

Kompakt økonomi

2

15,90

44,2

4

    11,1

21

Kiwi

  • Best likt: Lambi soft & caring
  • Mest papir for pengane: Serla Spare

Favoritten på toalettet kan variere ut frå smak og individuelle behov. Mange måler pris og kvalitet opp mot kvarandre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I testen vår er kvaliteten stemt fram av ei gruppe med fem personar som er plukka ut som eit representativt utval.

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.