Bilsvindel for meir enn to milliardar

NAF anslår at minst fem prosent av bruktbilane som omsetjast i Noreg kan vere triksa med. Med utstyr kjøpt på nettet tek det få sekund å justere kilometerstanden på ein bil.

Kilometerjuks

Denne dingsen kan lure deg for store verdiar.

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

I dag kan kven som helst enkelt kjøpe billig utstyr på nettet som kan justere kilometerstanden.

I ein ny analyse anslår NAF at juks med kilometerstanden på bruktbilar kostar norske forbrukarar minst 2,14 milliardar kroner i året.

Tala tar utgangspunkt i at minst fem prosent av alle kjøretøy, både innanlandske og importerte, er utsett for juks med kilometerstanden.

Andreas Handeland NAF

Andreas Handeland, rådgjevar i NAF.

Foto: Petter Nielsen / NRK

– Årsaka til at kilometerjuks utgjer såpass store summar heng saman med at det til trass for strenge strafferammer, er svært lett å utføre. Det er og svært vanskeleg å oppdage kilometerjukset, seier rådgjevar Andreas Handeland i NAF til NRK.

Utstyret som blir brukt, er lov både å kjøpe, selje og bruke. Lovleg bruk kan vere til dømes når ein legg inn rett kilometerstand ved skifte av dashbord, eller å justere inn korrekt kilometerstand etter ei ulykke.

– I den augneblinken ein justerer kilometerstanden for å tene på det, tråkkar ein langt over streken, seier Handeland frå NAF.

Ser kilometerjuks ofte

Selskapet Simco AS hentar ofte ut elektronisk informasjon frå bruktbilar på oppdrag frå blant anna forsikringsselskap, politiet, tollvesenet og leasingselskap. Dagleg leiar Simen Huse trur problemet er større enn det NAF anslår.

– Eg trur det er langt meir enn fem prosent av bilane som er juksa med. Vi oppdagar stadig oftare juks. Eit eksempel som går att er til dømes leasingbilar som blir tilbakejustert før innlevering, seier Simen Huse, dagleg leiar i Simco AS.

– Dette gjeld også mange norske bilar, sjølv om mange har lett for å tru at dette er eit problem som gjeld mest for importerte bilar. Det bør ringe ei bjelle når ein tre år gammal bil berre har gått 20.000 km, seier Huse.

Simco AS brukar utstyr som kan avdekke jukset. Huse seier det er lett å avsløre juks utført med det rimelegaste utstyret som ein får kjøpt på nett.

Derimot er det meir vanskeleg å avsløre juks utført med dyrare og meir avansert utstyr. Men også då vil ein kunne finne spor som saman med andre indikasjonar som til dømes slitte delar kan røpe at ein bil har feil kilometerstand.

Ønskjer at register skal stoppe svindelen

– Kilometerjuks er eit omfattande problem for bilbransjen, som også blir lurt. Hovudutfordringa er at vi ikkje har eit nasjonalt register der kilometerstanden blir registrert og juks kan bli fanga opp, seier kommunikasjonssjef Egil Steinsland i Norges Bilbransjeforbund.

– Kilometerstanden som blir registrert under EU-kontroll eller service burde danne eit slikt register som i alle fall bør bli tilgjengeleg for verkstader. Eit slikt system kan fange opp juks som ikkje blir oppdaga i dag, seier Steinsland. Han opplyser at eit slikt register er noko bransjen har jobba for lenge.

NAF meiner også at ei løysing på problemet kan vere eit slikt register som også blir tilgjengeleg for forbrukarane.

– Vegdirektoratet får i dag informasjonen, men gjer ingenting med den. Dei har heller ikkje noko system for å fange opp juks, seier Handeland i NAF.

– Ingen trafikksikkerhetsmessige konsekvensar

Arne Valdemar Nielsen

Arne Valdemar Nielsen, avdelingsdirektør for tilsyn og kontroll i Vegdirektoratet.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Arne Valdemar Nielsen, avdelingsdirektør for tilsyn og kontroll i Vegdirektoratet, seier at det å lage eit register fell utanfor ansvarsområdet dei har.

– Statens vegvesen ivaretek trafikksikkerheit blant anna ved å kontrollere køyretøy langs veg og føre tilsyn ved verkstader. Juks med kilometerteller har ingen trafikksikkerhetsmessige konsekvensar, seier Nielsen.

– Dette er eit forbrukarspørsmål. Då må det ligge til forbrukarane sjølv å ta det, seier avdelingsdirektøren i Vegdirektoratet.

Vegdirektoratet har ingen innvendingar mot at organisasjonane sjølv oppretter eit slikt register.

– Men vi kan ikkje kvalitetssikre det på nokon som helst måte, seier Nielsen. Han legg til at det kan vere ein ekstra trafikksikkerhetsforsikring for forbrukarar å sjekke at bremser og andre nødvendige komponentar er i god stand før et eventuelt kjøp av bruktbil.

– Det er snakk om svindel

NAF er skuffa over at Vegdirektoratet som sit på kilometerinformasjonen ikkje prioriterer eit register.

– Fortset Vegdirektoratet å seie nei, må politikarane på banen og få på plass ei løysing. Alle hadde vore tent på å røske tak i dette. Forbrukaren taper, forsikringsselskapene lurast, leasingselskapene lurast og myndigheitene svindlast ved import av bil, seier Andreas Handeland i NAF.

– Forbrukarar bør vere varsomme i bruktbilmarknaden. Dette er også saker som kan vere snakk om bedrageri, og vi oppfordrar folk til å melde det, seier Nielsen frå Vegdirektoratet.

TV og radio

Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Norsk dokumentarserie. I tre månender har de 8 ungdommene hatt samtaleterapi med psykolog Peder Kjøs, og sammen har de funnet veier for å endre livene sine. Psykolog Peder Kjøs og gruppa trener Trine i å tørre å være seg selv. Malin gjør store fremskritt, og Kira med ME kjenner energien komme litt tilbake. Fredrik kommer frem til en løsning han vil prøve på. (8:8)