Hopp til innhold

Er du hekta på mobilen? Ta kontrollen tilbake

Vi brukar fleire timar på mobilen kvar einaste dag. Det er fleire grunner til at du blir hekta, men du kan gjere noko med det.

Selma og Othilie mobilbruk

Smarttelefonen brukast langt meir enn både nettbrett og pc blant barn og unge. – Det er nokon dagar ein sit der i timevis. Sjølv om eg eigentleg veit at eg burde gjere noko anna, så går det ikkje, seier Othilie 12 år.

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

Ei fersk undersøking frå Medietilsynet viser at halvparten av barn mellom 9–18 år brukar mobilen meir enn to timar om dagen.

– Smarttelefonen brukast langt meir enn både nettbrett og pc blant barn og unge, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Ikkje berre vår skuld

75 prosent av oss har med mobilen over alt fortel Adam Alter ved New York University. Han har forska på mobilbruk og fortel om korleis teknologibransjen strategisk lagar produkta slik at vi skal bli hekta.

– Fokuset i teknologibransjen har ikkje vore på kva bruken gjer med oss, men på å få oss til å vere limt til produkta, seier Alter til NRK Forbrukerinspektørene.

Han fortel om korleis spel og sosiale medium har eigenskapar laga for å hekte oss.

– Kvar gong vi sjekkar mobilen blir det som å dra i spaken på ein speleautomat. Har vi fått delingar, likest eller kommentarar? Variabel tilbakemelding får oss til å sjekke mobilen ofte, seier Alter.

Vanleg med abstinensar

To som merkar kor lett det er å bli hekta, er Selma (16) og Othilie (12).

Selma og Othilie

Othilie og Selma var med NRK Forbrukerinspektørene og teste kor mykje tid dei brukar på mobilen.

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

– Eg kan merke at eg blir lei av å vere på mobilen utan å eigentleg gjere noko der. Eg går berre inn på det same heile tida, fortel Selma.

Psykolog Espen Ajo Arnevik samanliknar mobilavhengigheit med rus- og spelavhengigheit, og seier vi opplever abstinensar når vi legg mobilen vekk.

– Vi er laga slik at vi vel «minste motstands veg». Når mobilen alltid er tilgjengeleg så er det lett å ty til den når vi kjedar oss, seier Arnevik.

Nir Eyal hjelper teknologibransjen med å lage engasjerande produkt. Han meiner det er vårt eige ansvar og ta kontroll over bruken vår.

Nir Eyal

Nir Eyal har skrive boka "Hooked, How to build Habit-Forming Products. "

Foto: NRK

– Det har alltid vore fasar der ein får teknologi-panikk, men teknologien er her for å bli. Om vi alle trur at desse selskapa kaprar hjernane våre, så gjer vi ingenting med det.

Du kan gjere noko

Eyal fortel at rundt to tredjedelar av oss aldri endrar innstillingane på mobilen, men at ein bør starte der.

– Det tar berre få minutt å skru av varsel slik at appar ikkje lagar lyd eller viser push-varsel som fristar deg, seier han.

Det andre tipset er å planlegge bruken av sosiale medium. Sett av tid eit par gongar om dagen for å sjekke kva som er nytt.

Adam Alter sitt tips er å aldri ha mobilar ved måltid, og aldri i senga. Han tipsar også om å bruke appar for å få oversikt over tidsbruken din.

Kva med å setje mobilen i gråmodus? Les meir her.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)