Professor i robotikk, Lars Asplund, har saman med sine studentar utvikla robotkatten.
Foto: Fotograf Lasse FredrikssonRobotkatten er framleis namnlaus.
Foto: FOTO: PRESSEFOTO– Eg trur det har ein god effekt på menneskjer, som vert pleia mykje til dagleg, at dei får positiv respons på at dei kosar med noko. Me har sett at det har ein roande effekt på utagerande pasientar, seier Lars Asplund, professor i robotikk ved Mälardalens högskola, til NRK.no.
Asplund har utvikla robotkatten saman med initiativtakar Christine Gustafsson, som er professor i pleievitskap, samt ei gruppe studentar.
– Det er klart at katten ikkje kan måle seg med ein vanleg katt, men fordelane er at han ikkje utløyser allergiske reaksjonar eller spreier smitte, seier Asplund.
Til no har dei utvikla ei handfull prototypar, som har vorte testa på ein svensk eldreheim. Resultata har vore så gode at det fyrste ferdigutvikla kullet kjem sommaren 2013. Desse skal mjaue og bevege seg i fanget på demenspasientar.
Ulike reaksjonar
Apati, depresjonar og angst er utbreidd bland personar med demens.
Dei seinare åra har det vorte stadig fleire tiltak for å betre livskvaliteten for demente. Fleire norske sjukeheimar har katt eller hund. I tillegg er ein japansk robotsel ved namn Paro å finne ved nokre få norske sjukeheimar.
Enkel dyrevelferd
– Det er viktig med godkjende hunderasar i pleie, seier doktorgradsstipendiat Christine Olsen, med hunden Ærna.
Foto: FOTO: PRIVATEit norsk pilotprosjekt peikar mot at hundar kan betre søvnkvaliteten, motverke depresjon og hindre utagerande åtferd hjå personar med demens.
Forskarar ved Universitetet i Ås skal no i gang med eit større forskningsprosjekt, der dei skal ta for seg effekten av dyr og robotselen Paro på personar med demens.
– Elektroniske dyr er uproblematisk når det kjem til allergiar og dyrevelferd. Det kan likevel tenkjast at personar tykkjer det er nedverdigande med eit robotdyr. Eit uekte dyr vil heller ikkje leve opp til forventningane ein har, basert på det levande dyret, seier Christine Olsen, doktorgradsstipendiat ved Universitet for miljø og biovitenskap i Ås.
Olsen meiner det er vanskeleg å samanlikne levande dyr med robotdyr, då dei har ulike funksjonar.
Demensforskar Sverre Bergh trur det er mogleg at trivselstiltak kan få ned medisinering
Foto: FOTO: PRIVAT– Ein skal ikkje undervurdere dei kognitive evnene til folk med demens. Dei vil skjøne forskjellen på eit levande dyr og ein robot, seier demensforskar Sverre Bergh til NRK.no.
I tillegg til levande dyr kan det å halde på noko mjukt, som ei pute eller eit kosedyr, ofte kan roe demenspasientar.
– Det kan tenkjast at nokre av pasientane vert skremt av ein robot, som hoppar rundt, meiner Bergh.
Namnlaus
Skremmande eller ikkje, det er truleg lettare å vaske ein robotkatt enn ein ekte, då ein berre kan ta av pelsen og vaske han på 60°C. Det vert mindre utgifter til kattemat, men batteria må ladast etter tolv timars kos.
– Katten har framleis ikkje fått noko namn, det får vere opp til kvar robotkatteeigar, seier robotikkprofessor Lars Asplund.