Demenstypen som kan kurerast

Drikk du to flasker vin dagleg i fleire år, kan du få alkoholdemens. Men ulikt andre typar demens, kan denne forma settast tilbake med behandling.

Vin

TRE OM DAGEN ER SKADELEG: Å drikke tre halvliterar med øl eller ei flaske vin kvar dag i årevis kan få hjernen din til å krympe. Illustrasjonsfoto.

Foto: Maria Elsness / NRK

Alkoholdemens eller alkoholassosiert demens kjem av direkte skader av alkohol på hjernen, saman med mangel på vitamin B1 på grunn av dårleg kosthald. Hovudskadar etter fall kan medverke til tilstanden.

– Det er typisk at ein har problem med korttidsminnet, og dårleg dømekraft og vurderingsevne. Ein kan ha vanskar med å forstå konsekvensen av handlingane sine, til dømes økonomisk, seier Peter Bekkhus-Wetterberg.

Han er overlege ved Hukommelsesklinikken på Oslo universitetssjukehus.

Tre glas øl dagleg krympar hjernen

Tung alkoholmisbruk aukar risikoen for denne demensforma. For kvinner blir 30 og for menn 38 alkoholeiningar per veke rekna som slik misbruk.

Å drikke to flasker vin eller sju halvliterar med øl dagleg over fleire år kan gi demens.

Men berre éi flaske vin eller tre halvliterar med øl i tilsvarande tidsrom er nok til å gi endringar i hjernen som synest på røntgenbilde.

– Ein kan påvise at heile hjernen krympar, seier Bekkhus-Wetterberg.

Kan bli frisk ved å unngå alkohol

Men det finst behandling. Fråhald og ein kraftig B-vitaminkur kan til ein viss grad reversere alkoholdemens.

– Får ein pasientar med alkoholdemens til å slutte å drikke, kan ein kome ganske langt. Det er unikt for demens. Ein fjernar det som øydelegg hjernen, og pasienten kan bli ganske frisk igjen, seier Bekkhus-Wetterberg.

Slik skil alkoholdemens seg frå den vanlege demenstypen Alzheimers sjukdom, som er dødeleg.

Ein annan forskjell er at alkoholdemens ikkje gir språk- eller orienteringsvanskar.

Øl

FOR MYKJE AV DET GODE: Tung alkoholmisbruk kan gi demens, men sjukdommen kan reverserast om ein kuttar ut drikkinga.

Foto: Illustrasjonsfoto, Scanpix

Alkoholdemens er tabu

Psykolog Anne Kari Hoel trur mange kvir seg for å snakke om at dei har alkoholdemens.

– Sjukdommar som kan sjåast på som sjølvpåførte gir skam, og gjer at det blir tabu å ta det opp, seier ho.

Ved sjukeheimen Villa Enerhaugen i Oslo arbeider ho med yngre personar som har ulike former for demens, også Alzheimers sjukdom og frontallappdemens. Nokre av pasientane møter du i programmet «Helene sjekker inn».

Det finst ikkje tal på kor mange som har alkoholdemens i Noreg. Men psykologen trur mange drikk meir enn anbefalt.

– Alkohol er eit så akseptert nytingsmiddel i vår kultur. Mange av oss kan vere i eit grenseområde for alkoholinntak, seier ho, og peikar på at det kan gjere det vrient å ta opp problema med alkohol.

Må unngå passivisering

Hoel understrekar faren for institusjonalisering av folk med alkoholdemens.

Nokre bebuarar med alkoholdemens har kunna flytte ut av Villa Enerhaugen etter å ha fått hjelp til å strukturere kvardagen.

– Det skumle med å hamne på institusjon er at ein kan bli passiv og gi opp, når ein eigentleg har føresetnader for å bli mykje betre, seier Hoel.

TV og radio

Tonnevis av søtsaker går rett i søpla fordi det er billigere å kaste enn å gi bort. Knut Arild Hareide og kona Lisa Maria bestemmer seg for å gjøre noe med dette.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)