NRK Meny
Normal

Vaksne som sutter på smokken hindrar allergi

Born med foreldre som tek smokken i eigen munn er mindre allergiske, ifølgje svenske forskarar.

Far og dotter med smokk, illustrasjonsbilete

Ifølgje professor Bill Hesselberg er det vanleg at svenske foreldre tek barna sin smokk i munnen.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Kva gjer du om minstemann i familien missar smokken på bakken? Koker han, desinfiserer han, skyl han eller kostar kjapt av han før du putter han i eigen munn, for å fjerna resten?

LES ÒG: Barn i Oslo får oftere allergi

Smokkekuren

Jente med smokk

Smokk er ein god ven for mange små born.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Å putte smokken i eigen munn kan minka sjansane for astma, allergi og eksem hjå born, ifølgje professor Bill Hesselmar og ei gruppe forskarar ved Universitetet i Göteborg. Resultata deira er publisert i det amerikanske fagtidsskriftet Pediatrics.

I rapporten konkluderer forskarane med at foreldre som deler smokk med borna sine, gjev borna lågare risiko for å utvikle allergi i tidleg alder. Hesselmar meiner likevel det må meir forsking til, før ein kan gå ut å gje konkrete råd til forvirra småbarnsforeldre:

– Om foreldre vil putte smokken til borna i munnen er noko dei får avgjere sjølve, seier Bill Hesselmar, som er overlege ved Dronning Silvia’s barnesjukehus, til NRK.no.

Av foreldra som hadde born med smokk, putta omlag halvparten av dei smokken i munnen.

Når barna var halvanna år og tre år sjekka forskarane kor mange som hadde utvikla astma, allergi og eksem. Der foreldra hadde hatt smokken i munnen, hadde barna ein likare bakterieflora med foreldra og færre hadde allergiar.

Hesselberg meiner at denne studia peiker mot at det er bra for born å få utfordra immunforsvaret tidleg i livet.

LES ÒG: Bakteriedrepende midler kobla til allergi

Ei verd av allergikarar

Dei siste 40 åra har det vore ein eksplosiv vekst i talet på allergikarar og astmatikarar, særleg blant born. Astma, allergi og inneklimarelaterte helseproblem står for 60 prosent av sjukehusinnleggingane blant born, ifølgje Astma- og allergiforbundet (NAAF).

Verdas helseorganisasjon reknar med at rundt halvparten av verdas befolkning vil ha utvikla ein eller fleire allergiar i 2030.

Kai-Håkon Carlsen

Professor i pediatri, Kai-Håkon Carlsen, er forsiktig med å gje råd for å hindre allergi.

Foto: PRIVAT

Mange myter om kva som kan førebyggje allergi hjå born har seinare vorte avkrefta. Professor i pediatri Kai-Håkon Carlsen, som har arbeidd mykje med akkurat denne problemstillinga, er difor varsam med å gje konkrete råd.

– Eg vil ikkje akkurat anbefale foreldre å sutte på borna sine smokkar, seier Carlsen til NRK.no.

Men ein ting er han viss på: Det viktigaste ein kan gjere for å førebyggje at borna vert allergiske, er at mor unngår å sutte på røyken under svangerskapet.

– Røyking, både aktivt, passivt og gjennom svangerskapet, er ein betydeleg risikofaktor når det gjeld å utvikle astma, opplyser Carlsen.

LES ÒG: Allergier du ikke visste fantes

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.