Hopp til innhold

Danskane vil ha aktiv dødshjelp

I ei ny meiningsmåling seier sju av ti danskar at dei er for aktiv dødshjelp. No vil også politikarane ta debatten.

EUTHANASI aktiv dødshjelp

Politikarane tek debatten om aktiv dødshjelp i Danmark.

Foto: Sami Belloumi / PHOTOPQR/VOIX DU NORD

Det er både eit overveldande og vedvarande fleirtal blant danskane for aktiv dødshjelp, viser meiningsmålingar frå dei siste åtte åra.

I ei ny måling utført av Rambøll/Analyse for Jyllands-Posten seier nesten 70 prosent av danskane at dei er for aktiv dødshjelp, medan berre 20 prosent er imot, skriv Jyllands-Posten.

Dei fleste partia er offisielt imot, med unntak av Liberal Alliance, som ikkje har teke eit standpunkt.

Men no tek helseministaren Astrid Krag frå Socialistisk Folkepart til orde for å sette saka på den politiske dagsorden.

– Det er viktig å sikre at alvorleg sjuke menneske får anstendige rammer for ein verdig død. Difor meiner eg at det absolutt er verdt å ta debatten om aktiv dødshjelp, seier ho til Jyllans-Posten.

Ser til andre land

Krag vil innhente erfaringar frå land som har aktiv dødshjelp og be Det Etiske Råd i Danmark om å greie ut saka og ta stilling til den.

Ho får også støtte frå fleire politikarar som meiner det trengst ein debatt.

I 2006 var Det Etiske Råd imot aktiv dødshjelp, men rådet har fått nye medlemmer og er i dag innbyrdes ueinige.

– Me er ikkje blinde for danskane sin haldning. Det ville vore arrogant, seier leiar i rådet, Jacob Birkler, til Jyllands-Posten.

– Me er lydhøre for kva borgarane meiner og ser på utviklinga på det kliniske felt. Men det avgjerande er at me skaper eit fundament for ein ordentleg debatt, seier han.

Norge

I ein MMI-undersøking frå 2007 svarte 67 prosent av dei spurte nordmenn at dei var heilt eller delvis for aktiv dødshjelp.

Ein tilsvarande undersøking vart gjennomført i 2002. Då var 69 prosent heilt eller delvis for.

Det var fleirtal i alle partia, unnateke Kristeleg Folkeparti.

I 2009 vart Framstegspartiet det fyrste politiske partiet i Norge som gjekk inn for å stadfeste retten til aktiv dødshjelp.

Legar har vore dei klaraste motstandarane av aktiv dødshjelp. Dei meiner det strir mot legegjerninga, som er å lindre og lækje.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)