Hopp til innhold

Bygg fuglekassar med oss

Tenk å følgje ein heil liten fuglefamilie. Sjå dei bli til og vekse opp.

Monika Blikås med fuglekasse.
Foto: Ingelin Røssland / NRK

Øksene skvett langs trestammen når 12 elevar myldrar rundt på hogstplassen og kvistar så flisene skvett. Kor mange fuglekassar blir det av dette treet, skal tru?

Elevar ved Montessoriskolen i Bergen snekrar kvar sine meisekassar. Her saman med Monika Blikås.
Foto: Magne Sleire

 

Sjå: Ut i naturen frå 13. mars

Femteklassen ved Montessoriskulen i Bergen får hjelp til både trefelling og saging før dei ivrig snikrar saman meisekassane i eit vinterkledd skuletun.

Heime hos flugesnapparen

Kva får vi sjå i fuglekassane om vi er heldige og elskande par flyttar inn? Korleis gjer dei det når heimen skal innreiast og ungane matast? Kor mange av ungane kjem til å klare seg?

Vi let oss inspirere av klipp frå den unike filmen «Bigamist og gentleman» av Ulf Myrvold, som er tett på livet inne i kassen til ein flugesnappar-familie.

Vi kan også følgje med i våre kassar om vi kiker forsiktig oppi i ny og ne… eller installerer nettkamera… Å, som vi gler oss til våren!

Tips og oppskrifter

Om du har lyst til å henge opp fuglekassar, men ikkje heilt veit korleis du kjem i gang, får du full  oppskrift. På nettsida vår finn du malar til både fuglekassen og innflygingsholet, som varierer etter kva type fugl du ønskjer. Du får også tips til korleis du kan lage ein kasse med plass til nettkamera, om du vil sjå familien sin utvikling og vekst via datamaskina.

Sjå inn i familien Selander sin kasse

Sjåarvideoar og naturopplevingar

Ut i naturen frå 13. mars  ser du eit gjensyn med sjåarvideoar frå «En naturlig helaften». Vi blir med havfiskarar frå Bergen på sitt livs fisketur utanfor Sørøya, og Arild Hagen viser oss unike og spennande former i naturen. Naturopplevingar kan og være god medisin for helsa. Det har ein psykiatrisk klinikk i Sogn og Fjordane oppdaga. Dei bruker natur som ein del av terapien.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)