Domehuset har ei takhøgde på åtte meter frå golv til tak.
Foto: Frode Søreide / NRKPå Sandhornøya i Nordland står eit hus som garantert ingen andre i Noreg har maken til. Ole-Martin Borgan (34) og Sandra Eilertsen (29) ønska seg eit unikt hus som passa til deira livsstil. Dei gav seg difor i kast med eit domehus.
– Eg har budd i mange hus og leilegheiter i mitt liv, men aldri hatt den same kjensla som no når vi bur i vårt eige hus. Vi har lagt så mykje kjærleik og energi i bygget, så det kjennast som om det er for oss og berre oss, seier Sandra Eilertsen til NRK.
- Les også:
Byggesett frå USA
Huset kom som eit byggesett frå USA.
Foto: Siv Helberg / NRKDomen er teikna av den amerikanske arkitekten Dennis Johnson, og det unge paret bestilte huset som eit byggesett frå USA. Då Sandra og Ole-Martin gav seg i kast med prosjektet, fekk dei god hjelp av storfamilien og naboar på øya. Saman la dei ned ein imponerande dugnadsinnsats for å kome i mål.
Resultatet vart eit spesielt hus med åtte meter takhøgde. Det kosta 2,8 millionar kroner å reise huset, og bygginga tok omlag ti månader.
Det er ikkje berre huset som er spesielt. Veggane er laga av cob, som er ei blanding av halm, sand og leire.
Foto: Siv Helberg / NRKDomehuset er med i den nye NRK-serien Draumehuset. Programleiar Frode Søreide har følgt seks norske familiar frå byggeprosessen startar til draumehuset står ferdig.
– Det var heilt unikt å følge med på at domehuset vart til, sidan eit slikt bygg aldri før hadde vore reist i Noreg. Eg er mektig imponert over at to så unge personar tør å setje i gong eit sånt prosjekt, seier programleiar Søreide.
- Les også:
Vil ha skreddarsydde hus
Takhøgda er på åtte meter.
Foto: Siv Helberg / NRKÅ byggje eit unikt hus er det ikkje berre Sandra og Ole-Martin som vil.
– Vi opplever at folk gjerne vil ha meir skreddarsydde hus enn tidlegare, og at husa er tilpassa kvar enkelt familie sine behov. Men nødvendigvis ikkje at dei skal vere så ekstremt spesielle, seier arkitekt Håkon Matre Aasarød i arkitektfirmaet Vardehaugen.
- Les også:
Tøff prosess
Frode Søreide er programleiar for Draumehuset.
Foto: Rune A. Hansen / NRKSandra og Ole-Martin er no vel på plass i den nye heimen sin på Sandhornøya, men vegen dit har kosta.
Medan Ole-Martin har lagt ned utallige timar og kveldar på byggeplassen, har Sandra vore aleine om å ta ansvaret heime med borna.
– I periodar har det vore utruleg intensivt. Dritt - rett og slett. Men det måtte vi berre gjennom i ein periode, seier Sandra.
Å lage ein TV-serie om folk sine draumehus er heller ikkje gjort på ein dag.
– Vi starta arbeidet med serien alt i 2013. Det har vore både opp- og nedturar undervegs, og eg frykta fleire gonger at ikkje alle ville kome i mål, seier Frode Søreide.
- Sjå premieren på første episode av Draumehuset i nett-tv no.
Huset ligg vakkert til på Sandhornøya i Gildeskål kommune i Nordland.
Foto: Petter Formo