Hopp til innhold

Bit i seg smertene under sex

Annakvar kvinne under 22 år har samleie trass i smerter. - Kan føre til langvarige plager, åtvarar ekspertar.

Smertefull sex
Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

Forventingar til kva sex skal vere, kan gjere at mange føler seg pressa til å gjere ting dei trur partnaren ønskjer.

No syner ei ny svensk doktorgradsavhandling at heile 47 prosent av jenter mellom 13 og 22 år har vaginalt samleie trass i smerter. Mange svarde også at dei kjende seg underlegne partnaren.

Sexolog og jordmor Eva Elmerstig står bak studien med namnet «Smertefulle ideal». Ho seier at gamle kjønnsmønster framleis heng att, samtidig som ein stiller stadig større krav til sex.

- Dei vil leve opp til eit idealbilete som kvinner, og trur at ein alltid må ville ha samleie, ikkje "øydeleggje" for partnaren, og alltid kunne tilfredsstille han, seier Elmerstig til Nyhetskanalen.se.

Kan få langvarige problem

Eva Elmerstig

Eva Elmerstig.

Foto: Universitetet i Linköping

1.880 svenske jenter og kvinner har delteke i studien. Blant desse, svarde heile 49 prosent at dei har smerter ved vaginalt samleie.

Elmerstig blei overraska over at så mange har det vondt under sex, og åtvarar mot konsekvensane.

- Jentene kan få langvarige problem som skjedekrampe. I starten er dette ei forsvarsmekanisme, eit signal om at ein ikkje skal gjennomføre samleie. Held ein likevel fram, risikerer ein at dette blir ein kronisk refleks.

Skjedekrampe er ufrivillige krampar i musklane rundt skjeden som kan gjere all penetrasjon særs smertefullt.

- Altfor mykje feil sex

Gro Isachsen

Sexolog Gro Isachsen håper tala ikkje er like ille i Noreg.

Foto: sexolog.no

Sexolog Gro Isachsen ved Klinikk Sexologen i Oslo er også overraska over at tala er såpass høge.

- Oi, dette var stygge tal. Her er det mykje feil sex.

Isachsen rår kvinnene til å ta smertene på alvor.

- Smerter og sex høyrer ikkje saman, men jenter tek diverre ikkje nok hensyn til seg sjølve. Mange føler diverre så sterke forventingar at dei gjennomfører samleie, trass i at skjeden er tørr eller vond. Dette kan igjen føre til både skjedekrampar og vestibulitt .

Tilrår kreativitet

Sexolog Isachsen oppmodar kvinner med smerter om å nytte andre former for sex, som kan vere fullgode erstatningar for vaginalt samleie.

- Alt som blir kalla forspel kan erstatte eit samleie, og kvinna må ikkje kvie seg for å be partnaren om til dømes klitorisstimulering, eller å gjere dette sjølv. Alt for mange tek ikkje hensyn til fysiske føresetnader for god sex. Det skal handle om glede og nyting, og om kvinna ikkje er tent, blir samleiet vondt for dei aller, aller fleste.

Elmerstig er samd i at kreativitet i senga er løysinga.

- Gjer det vondt, er det betre å finne andre former for sex. Ein kan til dømes ha oralsex og kjærteikne kvarandre, og bruke fantasien.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)