Det er ikkje få tusenlappar du må ha med deg om du skal leige ein bil og ikkje har kredittkort. I tillegg til sjølve leigesummen må du hos dei store selskapa betale eit depositum, frå 4000 til 5000 kroner. Kontant på labben. Dette krev dei for å sikre seg pengar til eigendelen på forsikringa om du skulle kome til å skade bilen.
Fort med kort
Aller helst vil dei ha avtrykk av kredittkortet ditt. Ikkje alle aksepterer Visa-kort, fordi det ikkje er innvilga same kreditt som American Express, MasterCard og Diners. Rutinane ved utleige-skranken er dessutan lagt opp slik at det er desidert enklaste og raskaste for deg å betale med kort. Men kanskje ikkje det tryggaste? Seksjonssjef Jan Schrøder hos Forbrukarrådet
åtvarar kundar mot å signere på blankofullmakter i kontrakten.
Ulovleg
- Sjølv om du aksepterer at dei "låser" eit depositum på 5000 kroner på kontoen din, er det ifølgje lova berre småbeløp som parkeringsbøter og ubetalte bomavgifter dei kan trekkje i ettertid. Utgifter for bulkar ogsvimerke på setetrekket til dømes, kan dei ikkje trekke utan godkjenning frå deg som kunde, seier Schrøder.
I praksis betyr dette at du skal signere for det eksakte kronebeløpet bilutleigaren vil trekke deg for, sjølv om du har signert og godkjendt eit depositum i kontrakten.
- Transaksjonen er ikkje gyldig utan di underskrift, seier Schrøder.
Spør først...
Ei runde ved skrankane til dei største utleigeselskapa på Flesland viser små variasjonar i praksisen. Alle krev 4000-5000 kroner kontant i depositum ved kontant betaling, men storleiken på det beløpet dei "låser" på din kredittkort-konto varierer frå nokre hundre kroner til 5000 kroner. Alle utleigarane forsikrar om at dei ikkje trekker pengar frå kontoen utan at du
godkjener det.
..trekkjer etterpå
Men i tilfelle der du automatisk får skulda for skaden, til dømes søl i bilen, svimerke frå sigarett på setetrekket og liknande, spør ikkje selskapa
to gonger før dei tar pengane sine. Så sant du vedgår skuld, trekker dei utgiftene frå kortet dei allereie har sikra seg kopi av.
Forbrukkarrådet meiner ein slik praksis er i strid med lova:
- Det er iallefall eit brot på standardavtalen for bilutleige. Men det kan også vere eit brot på kredittavtalelova, seier Jan Schrøder i Forbrukarrådet.
Han åtvarar særskilt kundar mot å signere på bilutleige-kontrakter i utlandet, der kunden i mange høve gir selskapet
blankofullmakt til å forsyne seg av kontoen etter at bilturen, og ferieturen, er over.