Hopp til innhold

Beltetabbane som kan koste deg livet

Skal du ut på vegen i sommar? Slik gjer du bilferien så trygg som mogleg.

Bilbeltebruk

Riktig eller gale? Sjølv om nordmenn er i verdstoppen i bilbeltebruk, er det mange som bruker beltet feil.

– Bilbeltet er livreddar nummer éin, seier seniorrådgivar Bjarte Skaugset i Statens vegvesen.

Nordmenn ligg i verdstoppen i bilbeltebruk. Likevel hadde 36 prosent av omkomne i bil dei siste ti åra, ikkje på seg bilbelte, eller så brukte dei beltet feil. Det viser ein rapport som Statens vegvesen gav ut i 2019.

– I ein kollisjon er det enorme krefter som blir sette i sving. Beltet held deg på plass i setet, slik at du ikkje blir kasta rundt i bilen, eller ut av bilen, seier Skaugset.

– Dette er viktig både av omsyn til eigen tryggleik og tryggleiken til dei du reiser saman med, seier han.

Derfor bør du unngå desse feila når du legg ut på vegen:

Feil 1: Slapt belte

Passasjer med slapt bilbelte

Bilbeltet skal sitje stramt og tett inntil kroppen. Det skal halde deg på plass i setet og fordele kreftene dersom uhellet er ute. Det er òg viktig at beltet sit stramt over hofter og lår, og ikkje over magen.

– Beltet kan gå inn i den blaute delen av magen og forårsake store skadar på indre organ, forklarer Skaugset.

Feil 2: Beltet under armen

Passasjer med bilbelte under armen.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Denne feilen kan forårsake store skadar på hovud, rygg og nakke, fordi beltet ikkje held deg tilstrekkeleg på plass i setet.

– Med beltet under armen kan du få knusninger i brystet og øydelagt muskulatur i bukveggen. Det er òg ulovleg å ha beltet under armen, seier Trond Boye-Hansen, som har jobba som ambulansesjåfør og forska på bilulykker ved Oslo universitetssjukehus Ullevål.

Feil 3: Beltet ut på skulder

Belte feil over skulderen.

Den øvre delen av bilbeltet skal liggje nærare halsen enn skuldra. Elles risikerer du å få ei vriding ut av beltet ved ein kollisjon.

– Om beltet ligg for langt ute på skuldra, kan det gli ned og føre til brot i overarmen og skader i brystet, seier Boye-Hansen.

Feil 4: Krøll på beltet

Passasjer med krøll på bilbeltet.

Krøll på beltet er både ubehageleg og farleg. Dersom beltet tvinnar seg, blir det smalare. Dermed vil kreftene i ein kollisjon bli konsentrert langs eit smalt område av kroppen, og skadane kan bli større.

Feil 5: Liggje i setet

Tilbakelent passasjer i forsetet på bil.

Når milene blir lange kan det vere herleg å jekke setet bakover og lukke auga. Men konsekvensane kan bli store. I ein kollisjon risikerer du å gli under beltet og bli stygt skadd.

Skaugset rår dessutan passasjerar frå å leggje beina på dashbordet.

– Alt blir på ein måte feil ved ei slik sitjestilling. Kollisjonsputa er konstruert for å ta imot hovud og overkropp, og det føreset at ein sit oppreist, forklarer Bjarte Skaugset i Statens vegvesen.

Fasit

Dette er riktig måte å bruke bilbeltet på:

Riktig beltebruk

Beltet ligg stramt over hoftene, tett inntil kroppen og ikkje for langt ut på skuldra.

God tur!

Les òg:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)