Hopp til innhold

Babygråt som oftast ufarleg

Berre 1 av 20 spedbarn som skrik mykje, lid av noko alvorleg.

Barn som gråter
Foto: Sannum, Tore / SCANPIX

Dei fleste foreldre treng ikkje å uroe seg, dersom barnet skrik uvanleg mykje. Det syner ein ny canadisk studie frå Universitetet i Toronto.

Forskarane har i løpet av ni månader undersøkt 238 spedbarn som har vore plaga av mykje gråting.

Berre hos tolv av barna synte skrikinga seg å ha alvorlege underliggjande årsaker.

Urinvegsinfeksjon hyppig årsak

Av desse tolv blei ti barn riktig diagnostisert ved første legevitjing, og dei resterande to i løpet av ei veke.

Den mest vanlege, alvorlege diagnosa synte seg å vere urinvegsinfeksjon.

Dette var spesielt hyppig blant barn som var under ein månad gamle.

Uttrykkjer ubehag

- Spedbarn kommuniserer og uttrykkjer ubehag gjennom gråt. Årsakene kan vere alt frå svolt og ønskje om merksemd, til alvorlege sjukdomar, skriv doktor Stephen B. Freedman, som står bak undersøkjinga i fagtidsskriftet Pediatrics.

Dersom foreldra får undersøkt barnet grundig hos medisinsk personell, vil ein som regel få svar på kva som feilar barnet. Men forskarane har ikkje funne ut kva som ligg bak dei alvorlege tilfella.

- Kor ofte det alvorlege lidingar førekjem, er framleis usikkert.

- Foreldre kan senke skuldrane

Nina Misvær

Helsesyster Nina Misvær meiner foreldre er altfor redde for barnegråt.

Foto: Jan Lillehamre/Cappelen Damm

Helsesyster Nina Misvær, som har skrive fleire foreldrebøker om mellom anna barn og søvn, håper forskingsresultata kan hjelpe til å berolige foreldre som uroar seg over gråtande barn.

- Mange opplever gråten som uttrykk for redsel eller smerte, eller som eit sjukdomssymptom. Ein trur at lukkelege barn skal sovne med eit smil om munnen. Ønsket om å vere gode foreldre, gjer difor at mange uroar seg unødig når barnet gret. Men ofte er det snakk om at barnet kjedar seg, eller treng å lære å sovne av seg sjølv.

Viktig å undersøkje

Mangel på matlyst, eller at det er vanskeleg å få kontakt med barnet, er vanlegare symptom på sjukdom. Misvær anbefalar likevel foreldre som er uroa over mykje barnegråt å oppsøkje helsestasjon eller fastlege.

- Foreldre som er usikre på om barnets gråt tyder på at noko feilar barnet, bør diskutere dette med helsesyster. I tillegg er det lurt å tileigne seg eigne kunnskapar om til dømes kolikk gjennom brosjyrene på helsestasjonane.

Her kan du finne gode råd om barnegråt frå apoteket.

Barnegråt kostar dyrt

I dei første fire månadane av livet, slit 10-15% av nyfødde barn med kolikk.

Årsaka til kolikk er ofte vanskeleg å slå fast, og kan vere særs slitande for foreldra .

I tillegg kostar plagene samfunnet store beløp kvart år.

Ein engelsk studie frå 2000 synte at gråt- og søvnproblem hos spedbarn kostar det britiske helsevesenet 65 millionar britiske pund årleg.

Misvær meiner misvisande medieoppslag har gjort mange foreldre alftor redde for barnegråt. Dette kan bli ei belasting for helsevesenet, dersom det fører til at foreldre oppsøkjer legevakt unødig.

- Det er lett å gjere foreldre utrygge om ein koblar barnegråt med sjukdom. Når barnet skal lære seg å sove riktig, må ein gje rom for både tårer og protestar.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)