Åtvarar mot konserveringsmiddel

Ekspertar er bekymra for at norske barn får i seg for mye av konserveringsmiddelet benzosyre. I verste fall kan det redusere vekt og vekst.
Sjå nokre av produkta det gjeld her.

Gildes ferske leverpostei og Iduns selskapsdressing er to av mange produkt som inneholder benzosyre.

Gildes ferske leverpostei og Iduns selskapsdressing er to av mange produkt som inneheld benzosyre.

Foto: Magne Hansen / NRK

Benzosyre er det mest nytta konserveringsmidla for å lagre mat i dag, men finnes også naturlig i tyttebær.

– Dette er eit stoff som skal hindre at det oppstår mugg i maten og som gjer at den er mogeleg å ete i fleire månader. Slike konserveringsmiddel er heilt nødvendige for at logistikken skal fungere, seier Sindre Moe i Food Innovation AS.

Han jobbar med å utvikle nye matvarer som alt frå kaker til gele.

Redusert vekst

Men sjølv om benzosyre er eit heilt lovleg konserveringsmiddel, så har det også sine baksider.

Forsking frå Vitenskapskomiteén for mattryggleik i Norge syner at små barn, særleg dei under tre år, får i seg for store mengder av dette stoffet.


– Forsøk på dyr viser at eit for høg inntak gir utslag på vekst og vekt hjå avkom. Samtidig ser vi at enkelte små barn i dag får i seg for mykje produkt med benzosyre, i forhold til dei grensene vi har sett som forsvarleg, seier Trine Husøy som er ekspert i Vitenskapskomiteén.

Vann med smak

 

Lettbrus, cola light

Cola light er eit av produkta som inneheld benzosyre.

Foto: DENIS CHARLET / AFP

Benzosyre blir særleg nytta i brus, leskedrikk utan sukker, men vi finn det også i Olden og Imsdal sitt flaskevatn med smak. I tilegg er det tilsett benzosyre i enkelte leverposteiar, majones, kaviar, ketchup, sennep, syltetøy, bananpålegg og gele.


– Det er heilt klart bekymringsfult at vi ser at små barn i dag får i seg meir enn det som grenseverdiane tilseier, er kommentaren frå Husøy.

Drikk reint vatn

Mattilsynet bekymrar seg også for norske barn sitt inntak av benzosyre.

I fjølge Ingvild Tømmerberg i Mattilsynet er ein halv liter med drikke som inneheld benzosyre nok til å overstige det styresmaktene meiner er forsvarleg.


– Vårt råd er at vann er den beste tørstedrikken. Og da meiner vi reint vann, seier Husøy til Forbrukerinspektørene.

Manglar oversikt

Sjølv om forskinga alt har avdekka urovekkande resultat, seier både Vitenskapskomiteén og Mattilsynet at dei manglar oversikt.


– I dag har vi ikkje kontroll på i kva alle typar produkt dette stoffet finst. Vi veit det er nytta mykje i kosmetikk som tannpasta og hudkremar nytta av barn. Det er difor sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt for å kartlegge omfanget av bruken av benzosyre, fortel Husøy.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.