Åtvarar mot deodorantar

Mange kosmetiske produkt er tilsett eit kjemisk stoff som i verste fall kan vere kreftframkallande. Fleire av dei blir seldt på apotek. FBI viser deg kva deodorantar dette gjeld.

Deodorant
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

- Det vi har sett frå ein del amerikanske studiar på fisk og dyr i laboratorium er at stoffet cyclopentasiloxane kan påverke immunforsvaret i kroppen, og at det dels kan vere kreftframkallande. Men det er eit langt sprang frå laboratorium og til menneske, seier professor Jan Øyvind Odland ved Universitetet i Tromsø.

Professor Jan Øyvind Odland

- Dette må bli undersøkt, krev professor Jan Øyvind Odland.

Foto: Eirik Kleiven, NRK

Han har forska på norske miljøgifter i over 20 år. No er han i gang med eit større prosjekt for å finne ut om stoffet har ein effekt på menneskekroppen.

Det kjemiske stoffet skal mellom anna gjere deodorantar mjuke og lette å påføra huda.

Miljøgift

Men det er ikkje berre for menneskekroppen at stoffet som heiter cyclopentasiloxane har skapt bekymring. Det same stoffet er funnet att i det Statens Forureiningstilsyn (SFT) kallar høge verdier i torskelever i Oslofjorden.

Tidligare er det gjort funn av det same stoffet hjå polarmåkar på Bjørnøya. No har det fått plass på SFT si lite eksklusive liste over prioriterte miljøgifter.

- Stoffet har synt seg å vere tungt å bryte ned i miljøet. Det er oppkonsentrert i næringskjeda, som betyr at vi finn det att i fisk som er eit stykke opp i næringskjeda. Vår oppgåve er å passe på miljøet, og når vi oppfyller desse krava er det all grunn til å følgje med, seier seksjonsleiar Eli Vike i Statens Forureiningstilsyn.

Sjekk deodoranten din

Miljøorganisasjonen Grøn Kvardag har gjort ein omfattande undersøking i norske parfymeri, daglegvarebutikkar og på apotek for å kartlegge bruken av dette stoffet i deodorant. I alt vart 53 ulike deodorantar undersøkt.

I 23 av dei fant man cyclopentasiloxane og det bakteriedrepande stoffet triclosan . Sju av deodorantane var kjøpt på Apotek1. Mellom dei Apotek1 si eiga merkevare, Dermica.

Sjå oversikten her!

- Apoteka har stor tillit hjå folk. Folk blir nok overraska over at det blir selt deodorantar på apotek som inneheld miljøgifter og kan vere helseskadelege. Her har apoteka ein jobb å gjere, seier Håkon Lindahl i Grøn Kvardag.

Nektar å bli intervjua

Apotek1 og Lilleborg, som er ein av landets største leverandørar og produsentar på kosmetikk, har fått fleire førespurnader om å bli intervjua av NRK om bruken av dette stoffet.

Apotek1 meinte eit slikt fokus ville skade dei, og avviste difor å stille opp til intervju på TV. Heller ikkje Lilleborg ville stille opp og svare på Forbrukarinspektørane sine spørsmål.

Direktør Ingrid Standal i Kosmetikkleverandørenes Foreining meiner det er liten grunn til å bekymre seg. Sjølv om det har vore forska lite på området, meiner ho det er ingen grunn til å gjere noko før det eventuelt skulle kome prov på at cyclopentasiloxane er kreftframkallande.

- Det er opp til den enkelte produsent å bestemme kva dei vil gjere. Vi har ingen oversikt over kva den enkelte produsent gjer. Men eg vil tru at man ventar til ein ser kva forskinga gir av resultat, seier Standal og understrekar at dette ikkje er eit ulovleg stoff i dag.

Mattilsynet har ansvaret for å halde kontroll med kosmetikken i Norge. Sidan det i dag ikkje er funnet bevis for at dette er helseskadeleg har ikkje dei nokon åtvaring om dette til norske forbrukarar.

- Ta det alvorleg!

Professor Odland ved Universitetet i Tromsø er uroa over at ikkje alle tek problematikken like alvorleg.

- Det er så alvorleg at vi må begynne å sjå etter helseefektar. Det skal ikkje vere sånn at vi slepp laus produkt utan at vi kjenner langtidskonsekvensane.

- Det er ikkje snakk om ei akutt forgifting. Vi snakkar om lave konsentrasjonar som vi blir eksponert for over lang tid, og vil finne ut korleis dette påverkar helsa vår, seier Odland. Han legg til at i den augneblinken ein finn alarmerande effektar hjå menneske, så er det veldig seint.

- Dette må vi vite i forkant før det blir eit problem for menneske. Vi må ta det på alvor. Viss vi finn at effektane ikkje er så alvorlege, så er det bra. Men vi må undersøke det, konkluderar han.

Fjernar stoffet

Sjølv om Apotek1 ikkje vil stille opp til intervju i FBI, skriv dei i e-post til redaksjonen at dei arbeidar med å fjerne cyclopentasiloxane frå si eiga merkevare Dermica. Bakgrunnen er at det er stilt spørsmål om helseeffekten ved stoffet og at dei difor ikkje lenger ønskjer dette stoffet i sine eigne merkevare.

Dette er eit arbeid som har pågått sidan i vår. Apotek1 kjem likevel til å halde fram med å selje andre deodorantar og kosmetikk som har den same kjemiske tilsettinga.

Disse var best

Kun to av dei 53 undersøkte deodorantane blir tilrådd av Grøn Kvardag . Dei inneheld ingen problematiske stoff. "Vinnarane" er:

Testvinnarane

Produkt

Forhandlar

Type

Coop Änglamark Sensibel Deo

Daglegvare

Roll-on

Cosmica Uparfymert

Apotek

Roll-on

Tre andre deodorantar kjem også bra ut. Dei er med parfyme, men ikkje av det mest allergiframkallande slaget. Disse tre blir tilrådd med atterhald:

Godkjende deodorantar

Produkt

Forhandlar

Type

Nivea for Men Aqua Cool

Daglegvare

Roll-on

Cliniderm for Men 24h Effect Deodorant

Apotek

Roll-on

Cosmica Mild

Apotek

Roll-on

TV og radio

Tonnevis av søtsaker går rett i søpla fordi det er billigere å kaste enn å gi bort. Knut Arild Hareide og kona Lisa Maria bestemmer seg for å gjøre noe med dette.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)