Aksjefonda hevdar at dei er i same båt som kundane. Difor meiner dei vi skal stole fullt og heilt på råda dei gir. Og rådet er at vi skal la pengane stå i fond, og vente på oppturen.
Overlever på gebyr
Men aksjefonda er i den heldige situasjon at dei tener pengar, sjølv når kundane taper sparepengane sine. Det er nemleg gebyr som er hovudinntekta til forvaltarane. Du må betale for å etablere deg i fond, for å ha pengar ståande, og for å løyse dei ut.
Gebyret dei tar for å forvalte fondsandelen er det viktigaste. Forvaltningsgebyret er som regel mellom ein og to prosent. Gjennomsnittet for alle forvaltningsselskapa er 1,7 prosent av verdien på fondsandelen.
Leif Olaf Røed frå Odin Forvaltning
– Skal vi overleve, er vi avhengige av at kundane våre held fram med fondssparing, og ikkje løyser ut andelane sine, seier Leif Olav Røed i Odin Forvaltning. Direktøren vedgår at gebyr-inntektene er alfa og omega for forretningsdrifta.
- Forstår tvilen
Difor brukar fondsforvaltarane eit kvart høve til å snakke om "langsiktighet", is i magen, risikospredning og ulike indeksar og statistikkar. Målet er å få deg til å sette endå meir sparepengar i fond. Og kundane har stolt på råda, for samanlikna med det kraftige kursfallet, er det få kundar som har løyst ut andelane sine - og berga ut resten av sparepengane.
Jan Penne, adm. dir. i DNB Investor.
– Eg forstår at motivet for råda vi gir, kan bli trekt i tvil, seier Jan Penne, administrerande direktør i DnB Investor. Men han står fast på at råda er til kunden sitt eige beste: Nemleg auka avkasting, som også gir auka gebyr-inntekter til fondet.
Sidan januar i fjor har norske aksjespararar tapt 25 milliardar kroner på børsraset. I snitt blir det 25.000 på kvar aksjesparar, ifølgje utrekningar Aftenposten har gjort.
- Stussar litt
Men medan du får eit reelt tap av sparepengar, får fonda berre redusert inntekta. Dermed er forvaltaren og kunden ikkje heilt i same båt, slik fonda hevdar. Pengane rullar inn, så lenge folk lar pengane stå i fond.
John Petter Tollefsen frå stiftinga AksjeNorge
– Ein kan jo stusse litt, når ein opplever å tape pengar, medan fonda tener grovt, seier John Petter Tollefsen i stiftinga AksjeNorge. Han meiner forbrukarane må vere klar over kva interesser forvaltarane har, og at dei tener på at vi følgjer råda deira.
Ifølgje utrekningar gjort av Dagens Næringsliv har 118 tusen milliardar kroner forsvunne frå børsane verda over på to og eit halvt år. For Oslo Børs har det siste kvartalet vore det nest verste i børsens historie.
Kor mykje tar dei ulike fonda i gebyr:
Sjekk aksjekursen på Oslo Børs:
AksjeNorge arbeider for auka aksje-forståing: