Tjue år sidan sist
Siste gong Bibelen var omsett til norsk, var i 1978 på bokmål og 1985 på nynorsk. No er det igjen tid for å finne fram til meir tidsmessig ordbruk.
Både svenskane, danskane og islendingane var tidleg ute med eigne Bibel-omsetjingar. Desse tre landa hadde eigne biblar alt på 1500-talet, medan dei første norske biblane ikkje kom før etter år 1900.
Dette er eineståande i europeisk samanheng og kom av dansketida, seier Sylfest Lomheim. Han er førsteamanuensis i språk ved høgskolen i Agder.
Langt inn i det førre århundre las folk den danske bibelen og den danske utgåva av katekisma. Men folk var fortruleg med dansk mål, og Lomheim seier at hans eigen bestefar frå indre Sogn hadde så stor respekt for Bibel-språket at det var mest som han var skriven på dansk!
Kjenslene spelar inn
Det har alltid vore protestar mot nye Bibel-omsetjingar. Dette er "kjenslevart" stoff, og endringar møter motstand. I 1904 kom den første norske utgåva. Ho var prega av dansk rettskriving, og den første nynorske (landsmål som det heitte den gongen) bibelen kom i 1921, og dersom vi i dag hadde teke fram desse utgåvene, så ville vi merke at det er stor fråstand til dette språket.
Til dømes hadde omgrepet "brør" ei symbolsk tyding og omfatta både kvinner og menn, fordi brør uttrykte eit slektskap - ikkje berre mellom menn, men både mellom kvinner og menn. I dag tenkjer ikkje folk slik, og dermed meiner omsetjarane at ordet søsken dekkjer betre det ein meiner.
Dette igjen fører oss inn i problematikken om likestilling. Vi ønskjer ikkje å diskriminere noko kjønn, og derfor vil vi gjerne bruke kjønnsnøytrale omgrep der det er naturleg, seier Lomheim. Dette er vorte aktuelt i dei siste 25-30 åra.
Brukar ny kunnskap
Når vi no går gjennom Bibelen på nytt, går vi inn og brukar ny kunnskap til å rette opp feil. Til dømes var det nok ikkje eit herberge i Betlehem da Jesus vart fødd. Derfor byttar vi ut ordet herberge med at "dei ikkje fann rom". Det er for å uttrykkje det som vart sagt på grunnspåket.
Der grunnteksten er høgtideleg, bør vi omsetje høgtideleg, og der grunnteksten nyttar meir daglegdags prosa, bør vi også gjere det same, seier Lomheim.
Omsetjarane er heller ikkje maskinar, og vi må nok rekne med at omsetjingane til ein viss grad blir påverka av dei personane som lagar dei nye omsetjingane. Vi set nok våre eigne avtrykk på det vi steller med, seier Lomheim. Han kjenner eit "ansvar" for jobben med å vere språkkonsulent og er både audmjuk og har ærefrykt for den vanskelege oppgåva.
Han synst ikkje omsetjarane har vore for dristige. Det er synet i gruppa som kjem fram. Dette er ikkje noka radikal endring. Kanskje vi brukar eit meir tydeleg biletspråk. Sjølv meiner eg at meininga i det som er skrive i grunnteksten er teke vare på.
Også Bibel-språket endrar seg
Om hundre år ser ikkje Bibelen ut som i dag. Kanskje vil det vere meir engelsk i han. Vi kan aldri lese Bibelen på det målet som våre besteforeldre brukte, seier Lomheim. Det som er sikkert, er at vi vil ha religiøse skrifter også i framtida og at vi har eit anna språk enn i dag og at Bibelen også følger med "på lasset".
Bibelen var den første boka vi fekk på norsk, og om det norske språket forvinn ein gong i framtida, vil Bibelen vere det siste som forsvinn, seier språkmannen Sylfest Lomheim.