Det unike tilbodet frå Egypt er ein del av ein kampanje for å skaffe pengar til den egyptiske kulturarva.
Muséa og styresmaktene i Egypt har hatt problem i fleire år med å skaffe pengar til restaurering og vedlikehald av mellom anna mumiane.
Få foreldrepakke
Viss du adopterar eit av mumie-dyra, får du ei flott informasjonspakke frå muséet. Pakka inneheld informasjon om akkurat din mumie, i tillegg til ålmen informasjon om mumiane og restaureringsprosjekta, melder den britiske avisa The Independent.
Stor utval til låge prisar
Heilag hestFoto: Muséet i Kairo
Du kan velje mellom mange slag dyr, både kattar, slangar og krokodillar er tilgjengelege. Det er til og med mogleg å adoptere den utrydda og heilage ibisfuglen.
Prisane er slett ikkje avskrekkande, og varierar frå billege slangar til dei meir eksklusive krokodillane og ibisfuglane. Vil du adoptere ein slange, slipp du unna med knapt 400 kr, medan du kan bli eine-adoptør for rundt 7 000 kr.
Pengane kjem godt med
Pengane som kjem inn, blir mellom anna brukt til å byggje fukt- og temperaturkontrollerte rom for dei tidlegare kjæledyra. I tillegg går det med ein del på særskilde restaureringsprosjekt og for å finansiere mumiekjæledyr-forsking.
Kairo-muséet garanterar at pengane vil bli brukt på å gjere tilhøva til dei meir enn 2000 år gamle kjæledyra betre.
Gjev oss viktig informasjon om fortida
Mumieekspertar hevdar at desse gamle kjæledyra kan gje oss særs viktig kunnskap om forfedrane våre. I tillegg kan ein lese ut informasjon om miljøet, floraen og faunen frå dyra.
- Dyremumiar har blitt oversett og neglisjert i lang tid, hevdar Salima Ikram som arbeider som direktør for Animal Mummy Project ved muséet. Vi er heilt fortvilte over korleis dyra forvitrar på grunn av klimaendringane og forureininga i Kairo. Hjelp oss å redde denne kulturskatten, avsluttar ho.