Dette minkar risikoen for hjarteinfarkt

Forsking peikar på at kvinner kan ha større effekt av trening for å førebyggje hjarteinfarkt enn menn. – Syner viktigheita av kjønnsspesifikk forsking, seier LHL.

Kvinne sjekker pulsen

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) rår både kvinner og menn til å trene for å forebyggje hjarte-karsjukdommar.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Forsking peikar på at kvinner kan ha større førebyggjande og rehabiliterande effekt av trening enn menn når det gjeld hjarte-karsjukdommar. Forskinga er gjort av The European Society of Cardiology og er publisert i Oxford Journals.

Ifølgje forskinga minkar kvinner som trener sjansane sine for åreforkalking, som kan gje mellom anna brystkrampe, hjarteinfarkt og hjerneslag, i større grad enn det menn som trener, gjer det.

Ei mogleg orsak til dette kan vere østrogenhormona hjå kvinner.

– Kvinner må trene

Kardiolog Sigrun Halvvorsen

Kardiolog ved Oslo universitetssjukehus, Sigrun Halvorsen er oppteken av å minne kvinner på kor viktig det er å trene.

Foto: FOTO: PRIVAT

Kardiolog Sigrun Halvorsen fortel at kvinner oftare får ei litt meir diffust utbreidd åreforkalking enn menn, der det i mange tilfelle ikkje løner seg å operere eller drive utblokking.

– Sidan kvinner sjeldnare vert operert etter hjarteinfarkt vert det enda viktigare for dei å trene for å førebyggje nye infarkt, seier Halvorsen til NRK.no.

Di meir alvorlege infarktet er, di mindre er forskjellane mellom kvinner og menn.

– Middelaldrane kvinner er ofte mindre fysisk aktive enn middelaldrande menn, men fysisk aktivitet er minst like viktig for dei, seier Halvorsen.

Amerikanarane er komen lenger når det gjeld kjønnsspesifikk forsking på hjarte-karsjukdommar. Dei har mellom anna eigne retningslinjer for forebygging av hjarte-karsjukdommar hjå kvinner.

– Dei fyrste aksjonane for å auke fokuset på hjarte-karsjukdommar hjå kvinner fann stad i USA, før dei kom til Europa, fortel Halvorsen

Kvinnekampanje


Ei av tre norske kvinner døyr av hjarte-karsjukdommar, ifølgje Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL). Det gjer dette til den hyppigaste dødsårsaka blant norske kvinner. I 2011 døydde omlag 1000 fleire kvinner enn menn av hjarte-karsjukdommar.

Den siste tida har LHL sett fokus på kvinner med hjarte-karsjukdommar gjennom den årlege «Hjertelig hilsen-kampanjen».

Ragnhild Aasen Jacobsen

– Det er svært viktig med kjønnsspesifikk forsking, seier Ragnhild Jacobsen, presserådgjevar i LHL.

Foto: FOTO: LHL

– Tidlegare har forskinga i stor grad vore gjort av menn, på menn, seier kommunikasjonsrådgjevar i LHL Ragnhild Jacobsen til NRK.no.

Ho strekar under viktigheita av kjønnsspesifikk forsking på hjarte-karsjukdommar. Nyleg gav LHL to millionar til tre ulike forskingsprosjekt med fokus på kvinner.

– Med kvinners inntog i det offentlege liv, med kvinnelege legar og forskarar, har kvinnehelse vorte sett meir på dagsorden, seier Jacobsen.

Jacobsen legg til at det fortsatt er ein veg å gå.

Røyk farlegare for kvinner

Kvinner har ofte dei same symptoma som menn, men dei er ofte meir diffuse og kan forvekslast med andre ting.

Døme på symptom hjå kvinner kan vere at ein vert kortpusta, får smerter i brystet, hjartebank, rask ujamn puls, smerter i rygg, kjeve eller nakke, influensaliknande symptom, kvalme, kaldsvetting eller fordøyelsesproblem.

Menn får oftare klassiske symptom, som smerter i brystet

– Me får framleis historier frå kvinner, der legen ikkje har skjønt at dei har ein hjarte-karsjukdom, seier Jacobsen.

Ho har likevel eit inntrykk av at fokuset på desse sjukdommane hjå kvinner har auka bevisstheita hjå helsepersonell.

Rådet til både kvinner og menn er å vere merksame på risikofaktorane for hjarte-karsjukdommar, mellom anna høgt blodtrykk og kolesterolnivå. Ein bør mosjonera nokre timar i veka, ete mykje fisk, grovbrød, samt frukt og grønt. I tillegg er det viktig å halde seg unna sigarettane.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)