Foto Anders Leines
Å få innpass tidsnok på legevakta kan bety skilnaden på liv og død. Kvar kveld og natt strøymer sjuke folk hit. Av og til med ein uskuldig feber, av og til med ein livstrugande tilstand. Men altfor ofte får vi eit uforsvarleg tilbod på legevakta.
Farlege feil blir gjort, avslører ein ny rapport frå Helsetilsynet. Den viser mellom anna at det er for vanskeleg å komme til på legevakta. Ofte slurvar legane med journalføringa, og det er dårleg kommunikasjon dei tilsette i mellom.
Mange legevaktslegar kan heller ikkje å operere sambandsnettet, noko som kan bli kritisk ved store ulukker dersom mobilnettet kollapsar. Sist, men ikkje minst, er det ofte for lågt kompetansenivå, som dårleg språkkunnskap.
– Bekymringsfullt, meiner assisterande direktør i Helsetilsynet Geir Sverre Braut.
Slurv
Helsetilsynet er langt frå fornøgd med legevaktsordninga. – Du kan godt kalle det slurv, seier assisterande direktør Geir Sverre Braut.
Han peikar på at legevaktstenesta er den delen av helsevesenet der det blir begått flest feil.
Mykje av skulda får legane, som tilsynet meiner utfører venstrehandsarbeid på legevakta.
I tillegg meiner Braut at kommunane må ta seg saman og innføre betre system i legevaktsordninga, i takt med at stadig fleire kommunar går inn i legevaktssamarbeid.
No har tilsynet sendt ut eit skriv til alle fylkeslegane. Der krev dei opprydning både frå legane og kommunane si side.
Ikkje så populært
Legane sjølve legg ikkje skjul på at legevaktsarbeid ikkje er det mest attraktive. Det er ei plikt fastlegane har, og den kjem på toppen på ei allereie stor arbeidsbyrde.
Ofte må legane trå til på kveldane, etter ein full arbeidsdag. Ute i kommunane er det vanlegvis ein einsam jobb som medfører stort ansvar. Det er få, ofte ingen, å spørre om hjelp i kritiske situasjonar. Allmennlege og mangeårig tillitsvald i Allmennlegeforeninga, Svein Aarseth, seier mange legar ville valgt vekk denne typen jobbing - viss dei kunne.
Fryktar framtidige feil
Legevakta er kommunen sitt ansvar. Det blir stadig meir vanleg for kommunane å samarbeide om denne tenesta. Tal frå Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin viser at kring 70 prosent av kommunane her i landet har slått saman legevaktene sine. Det skjer trass i at motstanden frå lokalbefolkninga ofte er massiv.
Legevaktssentralane blir altså større og større, ved at stadig fleire kommunar sler seg saman. Helsetilsynet er positive til slike interkommunale legevakter, men meiner systema for legevaktssamarbeid er for dårlege.
– Årsaka til at det ikkje har gått enda verre, er at legen på vakt ofte kjenner pasienten si sjukdomshistorie, seier Braut i Helsetilsynet.
– Men dette gammaldagse systemet fungerar ikkje lenger når kommunane sler seg saman i større einingar. Helsetilsynet fryktar at enda fleire pasientar i framtida får eit uforsvarleg tilbod ved legevakta. Noko må gjerast, konstaterer Geir Sverre Braut.
Allmennlege Svein Aarseth innrømmer at legevaktsarbeid ikkje er det mest attraktive.