– Ungdomsfylla er verst for jenter

Mykje alkohol i ungdomstida kan svekke evna til å køyre bil eller lese kart. Og det er jentene som får det verst, ifølgje ny forsking.

Fyllesjuk jente

Jenter tar større skade av ungdomsfylla, ifølgje ein amerikansk studie.

Foto: colourbox.com

Kvinnelig sjåfør krasjer med bil

Romsansen er viktig for køyreferdigheitene, og ungdomsfylla kan øydelegge for framtidige sjåførar.

Foto: Colourbox.com
Jente leser kart

Ungdomsfylla går ut over romsansen, og dermed også evna til å lese kart.

Foto: Colourbox.com
Petra Kvitova, vinner av Wimbledon-turneringen 2011

Enva til å utøve sport blir også svekka ved ungdomsfylla. Petra Kvitova frå Tsjekkia vann Wimbledon-turneringa i Tennis i 2011, og er ei av dei som har god kontroll.

Foto: FELIPE TRUEBA / Afp

Effekten av ei fyllekule sit i kroppen lenge etter at fyllesjuka har gått over.

Arbeidsminnet, som er knytt til romsansen, får nemlig gjennomgå etter hard festing.

Det betyr at evna til å køyre bil, lese kart, komme seg frå A til B og å drive med sport blir svekt, viser ei undersøking som er gjort på amerikanske ungdommar.

Forskarane bak rapporten meiner også at unge jenter blir spesielt utsette for desse effektane.

Verst for unge jenter

Etter å ha målt hjerneaktiviteten blant ungdommane opp mot tidlegare alkoholbruk, fann dei at dei som drakk mykje, hadde mindre aktivitet.

Utslaget var absolutt størst blant jentene, skriv forskning.no.

– Det tydar på at jenter i tenåra kan vere spesielt sårbare overfor den negative effekten av tung alkoholbruk, seier ein av forskarane bak rapporten, Susan F. Tapert frå University of California, USA.

Undersøkinga vart gjort på 95 tenåringar mellom 16 og 19 år, som hadde varierande, men vanleg erfaring med alkohol.

Alle ungdommane svarte på spørsmål om rusmiddelbruk og gjekk gjennom psykologiske testar. Dei fekk i tillegg oppgåver som arbeidsminnet vanlegvis skal løyse.

Uferdig hjerne

At ungdom som drikk mykje får større problem med å løyse slike oppgåver enn dei som ikkje drikk, meiner Tapert viser at alle unge bør vere forsiktige med alkoholbruk.

– Tung alkoholbruk kan forstyrre normal vekst i hjernecellene i ungdomstida, spesielt i dei frontale hjerneområda. Dette kan forstyrre tenåringar si evne å yte innan skule og sport, seier ho.

– Sjølv om tenåringar kan sjå ut som dei er vaksne, held hjernen fram å utvikle seg og modne, spesielt i dei frontale hjerneområda som er knytte til tankar på høgare nivå, som planlegging og organisering, seier Tapert.

TV og radio

Tonnevis av søtsaker går rett i søpla fordi det er billigere å kaste enn å gi bort. Knut Arild Hareide og kona Lisa Maria bestemmer seg for å gjøre noe med dette.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)