Hopp til innhold

– Tvilsom ungdomsflørt frå bankane

Norske banker har intensivert jakta på morgondagens pensjonistar, og brukar mellom anna bar hud for å selge pensjonssparing.
No åtvarar økonomiekspertar mot tvilsomme spareprodukt.

Reklamefilm DnB NOR

Fra reklamefilmen til DnB NOR: P for Pensjonssparing. Se hele filmen nederst i artikkelen.

Foto: Faksimile YouTube

Med tatoveringar, bar hud og silikonpuppar flørtar Norges største bank DnB NOR med unge voksne som foreløpig ikkje har ofra pensjonisttilværelsen ein tanke. Budskapet er at du allereie no bør tenke på din økonomiske situasjon som gammal.

Siw ødegaard

Økonomiekspert Siw Ødegaard er langt fra overbevist om at individuell pensjonssparing, eller IPS, er ein smart måte å spare på.

Foto: NRK

- Det blir presentert som økonomiske mirakelkurar, men eigentleg så er det jo berre ein måte å ta seg godt betalt for å passe på våre sparepengar, seier økonomiekspert Siw Ødegaard.

Ho er langt fra overbevist om at individuell pensjonssparing, eller IPS, er ein smart måte å spare på. Dette spareproduktet er ein av måtane bankane no vil ha oss til å spare til alderdommen på.

- Vil vekke folk


- Det er tredeveåringane vi no ønsker å nå, seier Aud-Helen Rasmussen, informasjonssjef i DNB NOR.

Frå nyttår trer ei ny omgripande pensjonsreform i kraft, og bankane har den siste tida intensivert kampen om morgondagens pensjonistar.

- Vi ser av undersøkelser vi nettopp har gjort at så mange som 3 av 4 ikkje har peiling på kva dei får i pensjon, fortsertter Rasmussen.

Aud Helen Rasmussen

- DnB NOR vurderer no å slutte heilt med IPS, seier informasjonssjef Aud-Helen Rasmussen.

Foto: DnB NOR

Lite kunnskap


Nye undersøkelsar frå NAV stadfestar det Rasmussen seier. Folk ønsker å leve godt som gamle, men veit lite om eigen pensjon og pensjonsreformen. Vår uvitenhet og manglande sparing til pensjonsalderen betyr stort potensielt kundegrunnlag for bankane.

Problemet med å spare i IPS-produkt er i følge ekspertane at du betaler uforholdsmessige høge gebyr, og at pengane er låst til du blir 67 år.

I grove trekk fungerer individuell pensjonssparing slik:

• Eit gitt sparebeløp blir trekt frå nettoinntekta di
• Banken eller forsikringsselskapet tek eit gebyr for å passe på og plassere pengane
• Du kan spare inntil 15 000 kroner i året
• Du får skattemessige fordelar ved sparinga
• Pengane er ”låst” til du går av med pensjon.


Skattefordel eller ikkje?


Sjølv om spareforma i utgangspunktet gir visse skattefordelar, ber fondsanalytiker Thomas Furuseth i Morningstar folk om å tenke seg om. Han har gått igjennom ei rekke IPS-produkt på oppdrag for NRK Forbrukerinspektørene.

Konklusjonen er at produkta generelt er uoversiktlege og dyre.

- Skatten er sånn at du får fradrag i dag, men du må skatte for pengane eingang i framtida. Det er der problemet ligg; ein veit ikkje kva den skatten blir og om det vil lønne seg. I tillegg kjem det at du må betale administrasjonsgebyr i produktet, seier Furuseth.

I 2009 blei det teikna om lag 12.400 nye ordningar for IPS. Om lag 851 000 nordmenn har ei eller anna form for Individuell pensjonsforsikring.

Banken snur


DnB NOR har hittil i år omsett IPS for 16 millionar kroner og promoterer slik sparing i brosjyrer og på nett. No ser det ut til at dei legg om kursen.

I løpet av intervjuet med Forbrukerinspektørene kjem det fram at heller ikkje DnB NOR synes at sparing i IPS er det smartaste du gjer.

- Nei, vi vurderer no å slutte heilt med dette produktet, seier Rasmussen. Ho seier grunnen er at ei skatteomlegging i samband med den nye pensjonsreformen sler beina under IPS og gjer det lite lønnsomt.

- Kva med dei som i dag sparer i IPS?

- Det er fortrinnsvis seld til alderspensjonister som forventar å bli minstepensjonistar, og vi håper og trur at dei kan ha glede av det også i framtida, avslutter Rasmussen.

  • Se hele reklamefilmen fra DnB NOR her:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)