NRK Meny
Normal

– Klinikkane har eit forklaringsproblem

At Teres-klinikkar som utfører brystforstørringar skriv at implantat kan gjere det lettare å oppdaga brystkreft, vekkjer reaksjonar hjå leiaren i Norsk Bryst Cancer Gruppe.

Skjermdump av Teres sine nettsider

Leiar i Norsk Bryst Cancer Gruppe reagerer på informasjonen Teres deler på sine nettsider.

Foto: Skjermdump Teres Bergen

På fleirparten av Teres-klinikkane sine nettsider, kan ein lese om komplikasjonar ved brystforstørring. Her står mellom anna at: «Videre viser undersøkelser at brystkreft oppdages noe tidligere hos de med brystproteser uten at dette påvirker forløpet av sykdommen.»

Må ofte dobbelsjekkast

Leiar i norsk Bryst Cancer Gruppe, Eirik Wist, reagerer på informasjonen frå Teres-klinikkane:

Onkolog Erik Wist

Onkolog Erik Wist, leiar i Norsk Bryst Cancer Gruppe, meiner informasjonen på Teres sine nettsider høyres ut som deira synspunkt.

Foto: Privat

– Det høyrest ikkje riktig ut å nytte tidleg diagnostisering av brystkreft som eit argument for implantat. Det verkar som om dei fremjar eit synspunkt, seier Wist, som meiner at Teres-klinikkane her har eit forklaringsproblem.

Ny forsking peiker på at implantat kan føre til seinare diagnostisering av brystkreft, medan Teres-gruppa støttar seg på forsking publisert i bransjetidsskriftet Plastic & Reconstructive Surgery (PRS), som konkluderer med det motsette.

Leiar i Mammografiprogrammet Berit Damtjernhaug fortel til NRK.no at kvinner med brystimplantat oftare må på ein ekstra mammografisjekk, fordi implantata kastar skuggar på mammografibiletet.

LES ÒG: Silikon kan skjule brystkreft

LES ÒG: Flere kvinner med silikon begår sjølvmord

Lettare å kjenne klumpen

Eystein Hauge

Kosmetikkirurg Eystein Hauge støttar seg framleis til forsking som tydar på at kan vere lettare å oppdage brystkreft på ein person med silikon.

Foto: Privat

Medisinsk ansvarleg hjå Teres Medical Group står for informasjonen om at det kan vere lettare å oppdage brystkreft når ein har implantat.

– Me meiner at ulempa med at det kan vere vanskelegare å oppdage kreftsvulstar på mammografiundersøkingar, vegast opp av at dei vert lettare å kjenne ein potensiell svulst under ei klinisk undersøking, seier Hauge, som meiner at det viktigaste ikkje er korleis kvinnene får diagnosen, men at dei får han.

Med mammografi freistar ein å sjå klumpen, før ein kan kjenne han.

– Det finnast forsking som peikar i forskjellige retningar, og me er alltid audmjuke for at det kan kome ny kunnskap som kan føre til at me må endre vår praksis, seier Hauge.

Han ser ikkje umiddelbart at den nye forskinga vil endre den informasjonen dei deler på sine nettsider, men fortel at dei vil ta det i tråd med sine tryggleiksrutinar fagrådet til bedrifta.

SJÅ DOKUMENTAR: Skjønnhetsboblen

Fleire vaksne kvinner

Både Teres og Norsk plastikkirurgisk foreining anbefaler kvinner over 35 år, som vil forstørre brysta å ta ein mammografiundersøking før inngrepet. Kvinner i aldersgruppa 35–38 år er den raskast veksande gruppa av dei som forstørrer brysta, medan det framleis er eit fleirtal av kvinner mellom 20–23 år som tek operasjonen, ifølgje plastikkirurg Eyvind Hauge.

Vidare er dei einige om at kirurgar bør informere om at ein kan risikere å måtte gjennom ein anna type screening, med ultralyd eller MR, dersom ein har implantat. Dette informerer Teres om på sine nettsider.

– Påstanden om at ein kan oppdage brystkreft tidlegare med implantat kjem frå ein tanke om at det er lettare å kjenne kulen mot underlaget, forklarar Thomas Sjøberg, leiar i Norsk plastikkirurgisk foreining,
og legg til:

– Men i lys av denne nye forskinga må ein kanskje endre informasjonen, då det ser ut til at brystimplantat kan forsinke diagnostiseringa, sjølv om det framleis ikkje er endeleg avklart.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.