Hopp til innhold

– Kredittkortet kan koste deg draumejobben

Éin av fem unge meiner det er greitt å ta opp lån for å støtte pengeforbruket sitt. Den innstillinga kan koste dei draumejobben, åtvarar siviløkonom.

LÅNELYSTEN: Éin av fem unge meiner det er greitt å ta opp lån for å støtte forbruket sitt.

– Å bruke kredittkortet som ein buffer er ekstremt farleg, seier Hallgeir Kvadsheim

Foto: Pål Solheimsnes

18 prosent av unge mellom 18 og 24 år meiner det er greitt å kjøpe forbruksvarer med pengar dei ikkje har. Dette viser ei spørjeundersøking utført av kredittbyrået Intrum Justisia.

Dette er opp frå 13 prosent året før.

Ane (26) og Tora (21) har hatt kredittkort sidan dei var 18 år gamle. Begge bruker kredittkortet sitt på slutten av kvar månad når dei faste inntektene er oppbrukt, ofte på mat, øl og snus.

– Problemet er at det er altfor enkelt å dra kortet, det er så tilgjengeleg, seier Ane.

– Men vi bur i Oslo og har ikkje lyst til å takke nei til å vere med på alt heile tida, supplerer syster Tora.

Tone og Ane bruker ofte kredittkort når dei faste inntektene går tomme på slutten av månaden.

Tone og Ane bruker ofte kredittkort når dei faste inntektene går tomme på slutten av månaden.

Foto: Øyvind Øvergård, NRK

Ingen god ide, meiner økonomiekspert.

– Det er ein dårleg vane å tileigne seg: Å bruke kredittkortet som ein slags buffer, seier Hallgeir Kvadsheim, siviløkonom og økonomisk rådgivar i TV-serien «Luksusfellen».

Les meir: Er du i faresonen for å bli dårlig betaler?

Klarer ikkje spare

Han fortel at unge som konstant har noko i minus, slik som Ane og Tora, kan få ubehagelege overraskingar i framtida.

Hallgeir Kvadsheim har betalt for mye for sine forsikringer

Hallgeir Kvadsheim

Foto: Silje Krosby / NRK

– Kredittkortet kan koste deg draumejobben. Dersom ein har mykje gjeld og heile tida spring etter kredittkortet står ein plutseleg mykje mindre fri til å velje yrke, seier Kvadsheim.

Han utdjupar:

– Unge som heile tida har ei kredittkortrekning å betale har mindre fleksibilitet. Dei kan bli tvunge til å ta jobbar dei eigentleg ikkje vil ha og det kan bli vanskelegare å klatre mot draumeyrket sitt.

Dette kjenner Ane seg igjen i:

– Eg har søkt ein del andre jobbar for å kunne betale ned gjeld og sørge for at eg kan få orden på ting før eg gjer det eg eigentleg vil.

Kvadsheim fortel at unge som konstant har minus på kredittkortet også viser til banken at dei ikkje klarar å spare til å få bustadlån for eksempel.

Trygg grunn

Ane måtte i fjor betale rett over 1000 kroner i renter for sitt kredittkortbruk. Ho er ikkje aleine: Heile 28 prosent av dei spurte mellom 18 og 24 har tidlegare hatt problem med å betene lån dei har tatt opp.

Men Ane og Tora er ikkje i luksusfella endå, meiner Kvadsheim. Dersom dei klarar å snu nokre av vanane sine er dei på trygg grunn.

– I byrjinga følast kredittkort veldig fritt, men i lengda gjer det oss mykje meir bundne, seier Kvadsheim.

I NRK Forbrukerinspektørene får Ane og Tora føle på konsekvensane av sin kortbruk.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)