I mange bokhandlar, daglegvarebutikkar og klesbutikkar får du i dag spørsmål om du vil bli medlem i kundeklubben deira.
Men dei fleste tenker ikkje over kva dei gir frå seg i bytte for freistande tilbod.
– Er du medlem i tre-fire medlemsklubbar og tenker over kva du har kjøpt der, så seier det ganske mykje om livet ditt og kva du er interessert i, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet.
Finn Myrstad er fagdirektør for digitale tenester i Forbrukarrådet og åtvarar mot butikkanes kundeklubbar.
Foto: Kjell Håkon LarsenEtterlyser meir openheit
Butikkane ber ofte medlem registrere namn, telefonnummer og adresse. Du kan også bli spurt om sivilstand, kva utdanning du har og om du eig eller leiger staden du bur.
Thon seier at mange butikkar bør gjere det tydelegare for kundane kva informasjonen dei gir vekk blir brukt til:
– Kva er det som samlast inn? Kva brukast desse opplysningane til? Kor lenge lagrast dei? Her ser vi at mange butikkar som har ein veg å gå.
Ei undersøking utført av TNS Gallup for NRK viser at ni av ti nordmenn er medlem av ein eller fleire kundeklubbar og heile fire av ti er medlem av fem eller fleire.
Les meir:
Tilrår årleg sletting
Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet meiner kundane mister langt meir enn berre kontrollen over personopplysningane sine:
– Du gir frå deg den grunnleggande retten til personvern som alle har – eit privatliv.
Les meir:
Han meiner at kundane sjølv blir nøydde til å ta grep om informasjonen butikkane har om dei:
– Prøv å gi frå deg så lite informasjon om deg sjølv som mogleg. Du bør også få sletta medlemskontoen ein gong i året eller noko sånn, berre for å bli kvitt dataoppsamlinga som butikken gjer.
– Kundane vel
Geir Jostein Dyngeseth, organisasjon- og medlemsdirektør i Coop, seier han ikkje anbefaler kundane å slette kontoane sine:
Geir Jostein Dyngeseth, Organisasjon- og medlemsdirektør i Coop
Foto: Coop Norge– Vi har ein avtale med medlemmene om å ta godt vare på data som vi samlar inn. Vi lagrar ikkje data over lenger tid enn det medlemmene har nytte av. Blir medlemsskapet sletta begynner ein jo på nytt på ein måte, og vi vil ikkje ha mogelegheit til å gi relevante tilbod til kunden.
Coop lar i dag kundane i større grad velje kor mykje informasjon butikken samlar om dei og ein kan velje å ikkje få sine kjøp analysert av Coop.
– Vi legger opp til at du sjølv kan styre i kva grad du ynskjer å vere med på programmet eller ikkje. Medlemmene vel også sjølv kva dei registrerer eller ikkje, sidan dei aktivt må nytte medlemskortet eller medlemsappen.