NRK Meny
Normal

– Dette røper visningslista

– Visningslista kan gi deg hint om kva taktikk du bør legge for bodrunda, meiner daglig leiar i Privatmegleren Panorama, Soliman Sarwar. Forbrukerrådet er skeptisk.

Visningsliste

Du har funne draumebustaden, men sjekkar du visningslista? – Det bør du, seier meklar Soliman Sarwar.

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

Du har funne ei leilighet du vil ha, du har sjekka den grundig og skriv deg opp på lista over interesserte, no lurer du på korleis akkurat du skal ha størst mogleg sjanse for å vinne bodrunda?

– Skal du kapre draumebustaden, kan det være lurt å legge opp taktikken etter kor mange andre som har skrive seg på lista.

Det er tipset frå meklar og daglig leiar i Privatmegleren Panorama, Soliman Sarwar.

Soliman Sarwar har jobba som meklar i 11 år, han meiner lista over interesserte kan gi deg nyttig informasjon du bør bruke.

Soliman Sarwar

– Sjekk lista, seier meklar og daglig leiar i Privatmegleren Panorama Soliman Sarwar.

Foto: Pressefoto

Er det mange navn på lista bør du legge inn bod tidleg og sette den kortaste fristen som er mogleg å sette, seier Sarwar.

Han erfarer at dei som gjer gode kjøp, er dei som greier å komme på bana tidsnok med eit bod som gjer at dei får mindre konkurranse i bodrunda. Han reknar 15 navn eller meir, som mange.

– Ikkje lurt å vente

Sarwar opplever at særlig førstagongskjøparar ofte ventar og ser kva som skjer før dei legg inn bod. Dette er ikkje er den beste taktikken når mange viser interesse for samme leilighet meiner han.

André Wang Engedahl (26) som er på jakt etter å kjøpe bustad kjenner seg att.

– Eg brukar vanligvis å sitte og følge med, og heller legge inn bod siste timen om det enno er mogleg, seier Engedahl som har erfart at budrundar ofte eskalerer ganske tidleg.

Budrunde tips

Soliman Sarwar og Silje Sandmæl gir tips til førstegongskjøpar André Wang Engedahl (i midten).

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

- I ni av ti tilfeller lønner det seg ikkje å vente. Det einaste ein oppnår med å vente er at det kjem fleire bodgjevarar på bana meinar Sarwar.

– Kjem ein på bana først og set første frist, kan ein legge premissane for bodrunda, slik at andre må bestemme seg. Set du lang akseptfrist eller ventar med å legge inn bod gir du andre som gjerne enno ikkje har klar finanisering eller som er meir usikre, moglegheita til å rekke å komme på bana, og jo større konkurranse i bodrunda jo høgare vil prisen bli, seier Sarwar.

Få på lista?

Er det få på lista bør ein derimot vente med å legge inn bod, ifølgje Sarwar.

– Står det kun to eller tre navn på lista ville eg heller venta med å legge inn bod, fordi det er mindre sannsynleg at det kjem inn andre bod. På den måten vil selgar for kvar time som går etter siste visning, kanskje være villig til å selge for ein lågare pris, seier Sarwar.

Han seier at om det er mange på visning og mange på lista er dette ein god indikasjon på at leiligheta uansett vil gå til marknadspris eller enno høgare.

– Ved å legge inn eit bod tidlig, til prisantydning eller litt over, vil ein skremme vekk dei som ikkje har tenkt å gå over prisantydning og presse andre til å ta eit valg og uansett få mindre konkurranse, seier Sarwar.

Forbrukerrådet skeptisk

Thomas Bartholdsen i Forbrukerrådet stiller spørsmål ved om rådet om å legge inn bod tidlig også primært kjem godt med for meklarar og selgar.

Thomas Bartholdsen

Thomas Bartholdsen i Forbrukerrådet meiner ein uansett bør passe på å ikkje legge inn eit for høgt førstebod.

Foto: Pressebilde

Han minner om at bustadkjøparar bør hugse at meklar si oppgåve er å oppnå høgast mogleg pris.

– Dette er åpenbart eit råd som også er til fordel for meklar. Då får meklaren raskt eit bod han kan bruke for å invitere andre til bodrunde. Det er ein draumesituasjon for meklaren som då slepp å hale bud frå folk, seier Bartholdsen.

Han meiner at effekten er høgst usikker for kjøparar og at dette kan være starten på ein prisspiral.

Dette er ikkje Soliman Sarwar enig i, basert på eigen erfaring meiner han at tidlege bod med kort frist gjer at ein får færre konkurrentar i ein bodrunde.

Både Bartholdsen og Sarwar rådar kjøparar til å sette seg godt inn i marknaden og undersøke kva andre bustadar i området har gått for før ein legg inn bod.

– Ikkje lurt å forelske seg

Forbrukerrådet advarer mot å forelske seg i ein bustad og tenke «denne vil eg ha uansett».

Du bør alltid tenke at du har fleire alternativ og at der vil komme nye sjangsar.

– Sørg for at når du går i ein bodrunde, at du mentalt har med deg at det vil komme nye moglegheiter. Då blir du mindre tilbøyeleg til å være med i prisdrivande bodrunder. Når to i ein bodrunde har forelska seg i ein leilighet og tenker at «denne leiligheta må eg ha uansett» kan det fort bli dyrt, sier Bartholdsen.

Dame med lyst hår og hvit skjorte foran oransje vegg.

Silje Sandmæl, Forbrukarøkonom i DNB.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Det er viktig å være nøkteren og aldri la seg rive med, klargjer din eigen betalingsvillighet for deg sjølv, før du går inn i bodrunden, rådar Bartholdsen.

– Ikkje by over taket

Silje Sandmæl, forbrukarøkonom i DNB, framhevar at det er viktig å sette seg eit tak for kor mykje ein kan by før ein går inn i ein bodrunde, og at ein aldri bør gå over dette.

- Ein må basere taket på å rekne saman både faste og andre utgifter for ein månad og finne ut kva økonomien kan tåle. Hugs å rekne med eit utgangspunkt i at renta kan gå opp, ein skal ha lånet lenge og no er renta historisk lav, seier Silje Sandmæl.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.