– Del opp ferien og bli lykkelig

Å bruke opp heile ferien på ein gong er ikkje berre smart. Etter nokre veker på jobb er ein like sliten igjen.

Lykkelig på ferie

Om ein deler opp ferien kan ein oppleve den kortsiktige effekten av ferie fleire gonger. Då blir ein i betre humør, ifølgje svensk professor.

Foto: Odilon Dimier / Colourbox.com

Sliten på jobb

Etter ei veke tilbake i jobb er batteriet like flatt som før ferien.

Foto: Sigrid Olsson / Colourbox.com
Bengt Arnetz

Bengt Arnetz.

Foto: Tom Owoc, Wayne State University
Førsteamanuensis Knut Inge Fostervold

Førsteamanuensis Knut Inge Fostervold ved Psykologisk institutt på Universitetet i Oslo meiner mange kan ha godt av å ta ferien i fleire etappar.

Foto: Universitetet i Oslo

Ein lang sommarferie er ei kjærkomen avkopling frå arbeidslivet for mange. Men å ta ut heile ferien på ein gong treng ikkje berre å vere positivt.

– At vi skulle kjenne oss betre av ein lang ferie, er ei myte. Det spelar ikkje noko rolle kor lang ferien din er. Det finst derimot sterk biologisk støtte for å spreie ferien, seier professor Bengt Arnetz ved Uppsala Universitet og Wayne State University i Michigan til svenske Aftonbladet.

Kortvarig lykke

Han meiner kroppen fort blir like sliten som han var før ferien, og at det hadde vore betre å få denne korttidseffekten oftare.

Det får han støtte for av førsteamanuensis Knut Inge Fostervold ved Psykologisk institutt på Universistetet i Oslo.

– Effekten av ferie er relativt kortvarig. Frå eit par veker etter at ein er tilbake på jobb, er stressnivået tilbake på same nivå som før ferie, seier han.

– Det vi veit er at personar som står i fare for hjerte- og karsjukdommar, sjeldnare får anfall om dei har ferie på jamn basis. Om ein tar ut ferien fleire gonger, får ein kortidseffekten fleire gonger, seier Fostervold.

Han strekar under at dette sjølvsagt er individuelt, og at avkopling og ferie blir opplevd ulikt frå person til person.

Stress i ferien

Det som skjer når ein jobbar under press er at kroppen produserer stresshormon. I ferien skal stressnivået falle, slik at ein skal kome tilbake til jobb frisk og klar.

Men det er ikkje alltid at det fungerer på den måten. For nokre kan det vere meir stressande å vere på ferie enn å vere på jobb.

– Ferien betyr veldig mykje for mange. Om han ikkje går som ein har planlagt, kan det vere til stor frustrasjon, og dette kan gi ein negativ effekt, seier han.

Om ein tar ferien i fleire etappar, vil det kunne spreie risikoen for at det skal skje.

– Det viktigaste er at vi greier å restituere oss, slik at vi ikkje må slite oss på jobb kvar dag, seier Fostervold.

Tankane bort frå jobben

Men det betyr ikkje at ein får nytte av ferien om ein ikkje ligg rett ut på ei strand.

Hardt fysisk arbeid

Sjølv om det er greit å kople av frå ein fysisk hard arbeidsdag, er det ikkje sikkert ferien blir brukt til berre avslapping.

Foto: Sandro Di Carlo Darsa / Colourbox.com

– Å restituere seg betyr ikkje å slappe av heile tida. For dei som har ein stillesittande jobb, kan det vere greit å gjere noko i ferien. Om ein får tankane bort frå jobben, er det ikkje viktig om ein slappar av eller er fysisk aktiv, seier Fostervold.

Han trur det blir lettare å kunne spreie ferien utover året framover fordi arbeidslivet ikkje er like einsretta som før. For 20-25 år sidan hadde vi ein overgang frå industriarbeidet til at dei aller fleste no arbeider på kontor eller i serviceyrke.

– Det er ikkje lenger like nødvendig at alle er på jobb til same tid. Det er derimot viktigare at nokon er på jobb til eikvar tid, seier Fostervold.

– Spar ferie til vinteren

Professor Arnertz viser til at ein oppdelt ferie er mykje meir vanleg i mellom anna USA og Japan. Han meiner det kan vere ein god idé å ta med seg.

– Tre veker ferie om sommaren kan vere passande. Folk har planar som dei skal få sett ut i livet, og ferien må ikkje bli så kort at den blir superstressande, seier han.

Så kan ein heller spare resten av ferien og ta ut ei veke om vinteren, eller spreie feriedagane utover, slik at ein kan ta fri nokre fredagar eller ein tirsdagskveld i ny og ne.

Arnetz er samd med Fostervold, og trur at ferievanane kjem til å endre seg.

– Absolutt. Ein treng å ta seg ein ferie no og då. Men å jobbe steinhardt og prøve å hente seg inn på nokre få veker fungerer ikkje. Vi er dessutan i eit kunnskapssamfunn der det ikkje lenger er beheov for å stenge ned industrien og drive vedlikehald på maskiner om sommaren, seier han.

Del opp ferien

Del opp ferien, så varer fridagane lenger. Då får kroppen meir nytte av avkoplinga, meiner svensk professor.

Foto: Montasje: NRK/Colourbox.com

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.