– NRK har høve til å tilby alle internettbrukarar ei tilfredsstillande løysing, men gjer det ikkje i dag, seier stortingsrepresentant Jørund Leknes (SV) til digi.no.
Partiet har gjort opne kjeldekodar til ei valkampsak, og ønskjer at alle skal ha tilgang til same informasjon uavhengig av kva for programvare dei vel.
Ber statsråden gripe inn
NRKs nett-fjernsyn nyttar Microsoft-formatet Windows Media Player.
No ber SV kulturminister Valgerd Svarstad Haugland (KrF) om å få NRK til å byte programvare. Også Teknologirådet tar til orde for opne løysingar i sin rapport
– NRK er i prinsippet for å nytte opne format, seier nettsjef Are Nundal.
Ikkje godt nok
Men i følgje Nundal finst det ikkje gode nok alternativ til løysinga NRK i dag nyttar.
– Førebels manglar MPEG4 og dei andre aktuelle formata ein del på å vere eit godt alternativ, både funksjonelt og kvalitetsmessig. Men vi trur at AVC-formatet vil vere eit godt alternativ etter kvart.
Nundal seier at NRK vil byte når det finst eit tilfredsstillande alternativ.
Pris og kvalitet
NRK valde Windows Media Player til nett-fjernsyn av tre hovudgrunnar.
– For det første er plattforma tilrettelagt og klargjort for dei fleste klientmaskinane.
– For det andre tilseier pris og kvaliteten på produktet val av denne plattforma.
– For det tredje har Microsoft utvikla ei god løysing for handtering av rettar for lyd og video på nettet. Det er heilt naudsynt for NRK når vi skal gjere tilbodet tilgjengeleg på nett, fordi dei som har rettar i stadig aukande grad krev at vi skal ha kontroll over kvar, når og kven som kan nytte tilbodet. Dette er ikkje minst viktig i høve til piratkopiering.
Ifølgje Nundal er det få som ikkje kan sjå nett-fjernsyn grunna programvara.
– Vi veit at mange av dei som har andre nettlesarar enn Microsoft også kan ta inn desse signala. Vi veit at det er innpå 95 prosent av brukarane som kan sjå vårt lyd- og videotilbod på nettet.