Hopp til innhold

– Du har meir verdiar enn du trur

Klesskapet til blogg-Kristin var verdt dobbelt så mykje som det ho sjølv tippa. – Det er typisk at mange undervurderer det ein har av verdiar, seier forsikringsekspert.

Blogger tipper hvor mye klesskapet er verdt.

SE VIDEO: Foto: Petter Nielsen. – Å herregud det var meir enn eg hadde tenkt! Sa bloggar Kristin Gjelsvik då ho fikk vite kva klesskapet hennar er verdt.

Då Kristin Gjelsvik (26), som står bak bloggen Styleconnection, og som er kjent frå programmet Paradise Hotel, opna skapet sitt for forsikringsekspertar, fikk ho vite at kleda hennar aleine er verdt 200.000 kroner.

Til trass for verdiar til fleire hundre tusen kroner, har den kjente bloggaren ingen innbuforsikring.
Det er ikkje berre Kristin som undervurderer kor mykje verdiar ein faktisk har.

Anne Stine Eger Mollestad, Skadeleder

Anne Stine Eger Mollestad, Divisjonsdirektør i DNB Skadeforsikring.

Foto: DNB

– Vi har stort sett betydeleg meir verdiar enn det vi trur, og difor er det mange som underforsikrar seg, seier Anne Stine Eger Mollestad, Divisjonsdirektør i DNB Skadeforsikring.

Ho fortel at om lag 32 prosent av unge mellom 18 og 33 år er utan innbuforsikring.

– Kan tape ein halv million

Sjølv tippa Kristin at ho hadde klede for 100.000 kroner, men då ekspertane Anne Stine Eger Mollestad og Rune Hansen, takstkonsulent for Inventartakst, sjekka skapet hennar for programmet FBI, fikk ho vite at kleda aleine er verdt minst 200.000 kroner.

– Å herregud, det var meir enn eg hadde tenkt, seier Kristin som vart veldig overraska over kor mykje kleda hennar er verdt.

Ho vil no skaffe seg innbuforsikring.

60 toppar, 30 jeans og 30 par conversesko er noko av det Kristin har i skapet.

– Kristin har store mengder klede og mange nye klede. Mange plagg kostar mykje, sjølv om kvar enkelt plagg er billig, seier Mollestad.

Brenner det hos Kristin kan ho brått sitje på ei utgift på 500.000 kroner som ho må ta på eiga kappe. For reknar vi med alt det andre Kristin har, kjem vi opp i den summen, seier Mollestad.

Eksperter ser på klær

Anne Stine Eger Mollestad frå DNB Skadeforsikring og Rune Hansen frå Inventartakst gikk gjennom kleda til Kristin.

Foto: Petter Nielsen / NRK

– Slik bør du forsikre deg

Ein vil aldri kunne få utbetalt meir enn det ein har forsikra seg for, difor er det svært viktig å forsikre seg for rett sum.

– Å forsikre seg for ein halv million er fort nødvendig og eit godt utgangspunkt når ein er nyetablert. Det finnast verktøy og ulike innbukalkulatorar ein bør bruke for å finne ut kor mykje verdiar ein har.

– Mange som har kjøpt hus eller leilegheiter kan også fort komme opp i summar på rundt 1.5 millionar, seier Mollestad.

I tillegg til å bruke ein slik kalkulator, er det viktig at du passar på å dokumentere det du har.

* Ta vare på kvitteringar når du investerer i dyre ting.

* Ta bilete av tinga dine.

* Skriv ei liste

*Pass på å lagre denne informasjonen på ein plass der den ikkje går tapt under brann, som til dømes i ei skyløysing.

* Hugs at du ofte får meir og meir verdiar over tid.

Trenger du byttehjelp?

Mollestad seier at mange gløymer å auke summen dei er forsikra for når dei til dømes flyttar til større bustadar eller etter kvart som ein invisterar i meir nye ting.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)